annonse

Kven lagar det beste heimebrygga ølet?

Øl på programmet
Øl på programmet: Cato Larsen i Bjørnafjorden Bryggeri og Berit Steen i Oseana ser fram til ølfestivalen og heimebryggarkonkurransen. (Foto: Presse)

Lokale ølentusiastar kan gjera klar bryggjepanna, for no går startskotet for heimebryggjarkonkurransen under Oseana Ølfestival.

Benjamin Søgnen Olsen

Etter å ha gjæra på konkurransereglar ei stund, har Bjørnafjorden Bryggeri og Oseana klare nokre føresegner, og hovudtema for tevlinga er at ølet skal ha minst éin lokal ingrediens.

– Vi er eit bryggeri med sterk lokal tilknyting og dette er også temaet for konkurransen i år. Ut over dette vil du få stor fridom til å bryggja det du vil, seier Cato Larsen hos Bjørnafjorden Bryggeri i ei pressemelding.

Vil får produsert ølet sitt

Oseana Ølfestival blir arrangert under Osdagane siste helga i juni, og er eit samarbeid mellom Oseana og Bjørnafjorden Bryggeri (BjB). I pressemeldinga skriv Oseana at festivalen vil ha eit variert program, der detaljar blir avslørt etter kvart. Heimebryggjarkonkurransen vil vera ein av «hovudaktivitetane» opp mot festivalen. Som premie får vinnaren laga ein batch av sitt eige øl hos Bjørnafjorden Bryggeri, og ølet vil vera å få kjøpt på lokale pubar og elles der Bjørnafjorden Bryggeri kan vera på tap.

– Vi veit at det er mange som gler seg til ein slik konkurranse Det å få laga sitt eige øl profesjonelt og sidan få det i sal, tenkjer vi må vera ein ekstra pådrivar for å få mange til å leggja seg i hardtrening, skriv Larsen i pressemeldinga.

Minst ein lokal ingrediens

Til dommarpanelet i konkurransen vil BjB få hjelp av Lysefjorden Mikrobryggeri. Saman skal dei sjå til at ølet som blir levert til konkurransen følgjer dei ferdigbryggja føresegnene:

Ølet må vera overgjæra, altså ein ale. Det må også vera under 6% i alkoholstyrke. Sist, men kanskje aller viktigast, er at ølet må innehalde minst ein valfri lokal ingrediens. Dette kan vera rognebær, einer, bringebær eller anna som ølbryggjaren måtte finna på. Til sist må oppskrifta leggjast ved eller sendast pr. mail til Berit på Oseana. Spørsmål om konkurransen elles er det vi i BjB som svarar på, skriv Larsen i pressemeldinga.

Ølet vil bli vurdert bryggeteknisk, for drikkbarheit og for kor vellukka den lokale ingrediensen er integrert. Ein må levera to flasker (min. 0,33 liter) av det ferdige brygget på Oseana innan 16. juni.

– Vi vonar at dette vil engasjera mange heimebryggjarar i tida fram mot festivalen, og er spente på kva som kan koma av lokale idear særleg når det gjeld ingrediensar, skriv arrangementssjef i Oseana, Berit Steen, i pressemeldinga.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut