Kven stal halve fisken til Adrian Valle?
Kven stal halve fisken til Adrian Valle?

Kven stal halve fisken?

Gårsdagens fisketur blei ei spesiell oppleving for Adrian Valle.

Osingen Adrian Valle var i går ute og fiska ved Sandholmane. Han fiska på vel 100 meters djup etter lange då han fekk napp, men det var ikkje ei lange han fekk på kroken. Det var ein kviting. Då han fekk fisken om bord i båten, var det berre ein halv fisk att på kroken.

– Eg kjende ikkje noko spesielt då eg sveiva opp, men då eg fekk fisken i båten, viste det seg at noko hadde bite av heile halepartiet, seier Valle.

Artikkelen held fram under annonsen.

{{imageLeft}}

Håbrann?

Osingen er glad i å fiska, og gjer det så fort han har tid til overs, men han har aldri opplevd liknande i Noreg.

– Eg har opplevd det same i California, men då er det nok ein heilt annan fisk som er syndaren, seier Valle.

Adrian Valle har ikkje opplevd liknande i Noreg, men på fisketur i California, har osingen sett det same tidlegare.
Adrian Valle har ikkje opplevd liknande i Noreg, men på fisketur i California, har osingen sett det same tidlegare.
Adrian Valle er glad i å fiska, og gjer det så fort han har anledning.
Adrian Valle er glad i å fiska, og gjer det så fort han har anledning.

Fiskaren la ut eit bilete på Facebook i håp om at nokon hadde ein teori om kva fisk som kan ha gjort dette. Mange har kommentert, og forslaga går i steinbit, pigghå, steinbit, blåkval, nise, sel og håbrann. Valle trur at det kan vera håbrann grunna forma på bittet.

– Det er i alle fall ikkje pigghå, då ville eg kjent det på stanga. Det er også eit mykje reinare bitt enn kva pigghåen ville etterlate seg. Det kan ha vore nise, men eg er usikker på korleis dei tyggjer. Eg har mest tru på håbrann, seier Valle.