Kvinne i 50-åra klarte ikkje å oppføra seg

– Ho blei berre verre og verre. Til slutt måtte vi køyra ho via legevakta til arresten, fortel vakthavande politibetjent.

Det skal ha starta i 23-tida, forholdet som politibetjenten omtalar som ordensforstyrring.

– Ei kvinne i 50-åra var utagerande. Politiet forsøkte å gje ho eit pålegg. Då utagerte ho endå meir og forulempa patruljen, seier vakthavande ved Os lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvinna skal ikkje ha forulempa politiet fysisk, men ho skal ha vore så vanskeleg å ha med å gjera og så stygg i munnen, at politiet har valt å melda ho for både å forulempa politiet og ordensforstyrring.