Stine og Anne Marie er rimeleg sikker på at det blir humor og latter i podkasten. - Me kjem kanskje ikkje til å utlevera oss sjølv så mykje, men gjestene skal..., ler kvinneforening-jentene.
Stine og Anne Marie er rimeleg sikker på at det blir humor og latter i podkasten. - Me kjem kanskje ikkje til å utlevera oss sjølv så mykje, men gjestene skal..., ler kvinneforening-jentene.

Kvinneforeningen kastar seg ut i podcastverda

– Det er betre å utlevera gjestene våre, enn oss sjølve, ler den podcastklare duoen i Kvinneforeningen.

Dei har drøymd om det i årevis. Fredag kom Anne Marie Aarøen Vangsnes og Stine Kobbeltvedts første utgåve av podkasten «Kvinneforeningen – med adgang for menn».

– Det er spesielt å endeleg vera i gang. Dette er noko me har snakka om sidan me jobba i lag på kyrkjekontoret for fem-seks år sidan, fortel veninnene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei hadde ei lita utgåve av Kvinneforeningen i samband med Osfest-arrangementet i 2015. Utanom det har prosjektet lege stilt - inntil no.

– Osfest-innslaget var veldig moro å laga. Me hadde De Lillos, Terje Søviknes og Kjell Elvis som gjester og fekk gode tilbakemeldingar på innslaget på Os&FusaTV. Opplevinga gav absolutt meirsmak, seier Anne Marie og Stine.

Podkast og radio

I utgangspunktet drøymde dei om å få laga radio. Podkast-formatet vert no ei svært god erstatning.

Sjølvfiar av gjestane vil sporenstreks bli lagte ut.
Sjølvfiar av gjestane vil sporenstreks bli lagte ut.
Anne Marie og Stine debuterte med «Kvinneforeningen»-konseptet på Os&FusaTV under Osfest i 2015.
Anne Marie og Stine debuterte med «Kvinneforeningen»-konseptet på Os&FusaTV under Osfest i 2015.
Med podcast lagt til fredagen blir det sjølvsagt også høve til å oppsummera og evaluera vekas mest, eller minst viktige saker.
Med podcast lagt til fredagen blir det sjølvsagt også høve til å oppsummera og evaluera vekas mest, eller minst viktige saker.

– Podkastar er i skotet som aldri før og radiokanalane er jo berre å spora på DAB, så no handlar det berre om å få folk til å få med seg kvar dei finn oss.

– Og det er?

– På Os og Fusaposten sine sider. Me kjem til å spela inn ei ny utgåve av podkasten kvar torsdag, så vert dei lagde ut fredag føremiddag.

– Har de store forventningar til lyttertala?

– Ja, veeeldig stort publikum er vel kanskje litt mykje å håpa på, men me meiner at konseptet vårt er artig og lyttarvenleg. Forhåpentlegvis byggjer me opp ein aldri så liten fast skare, så får me håpa at jungeltelegrafen gjer resten av jobben, seier dei to.

Artikkelen held fram under annonsen.

Startar på toppen

Til gårsdagens urpremiere og første utgåve, gjorde dei eit scoop.

– Me fann ut at det var greitt å starta på toppen. Første gjest var ordførar Marie Bruarøy, fortel Anne Marie.

– Og endå betre. Med seg hadde ho ektemann Per Henrik, legg Stine til.

Innspelinga til den historiske første podkasten vart gjort torsdag ettermiddag. Kvinneforeningen er tilbakehaldne om korleis det gjekk.

– Det skal lesarane av Os og Fusaposten få ta stilling til sjølv. Me hadde det i alle høve veldig moro, seier duoen.

Både Stine og Anne Marie er glade i ein god prat, sladder og nyheitsstoff. Men sjølv om dei likar å drodla kring tema og diskutera og synsa, vil dei prioritera å gjera best mogleg plass til gjestene.

– Det er gjestene me vil ha fram i lyset og visa nye sider av til lyttaren. Sjølv er me ikkje så viktige.

– Så det blir ikkje så mykje sjølvutlevering som i Tønne og Tusvik-podcasten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høyr fyrste episode her:

kenneth.svenningsen@osogfusa.no