Livskvalitet Os og Os Turn går saman om å arrangera gatecup for klubb-gatelag. Frå venstre Tor Arne Hitland, Rune Mo, Alexander Dymbe, Johanne Rotvik og Ole Johnsen.
Livskvalitet Os og Os Turn går saman om å arrangera gatecup for klubb-gatelag. Frå venstre Tor Arne Hitland, Rune Mo, Alexander Dymbe, Johanne Rotvik og Ole Johnsen.

Lagar 7-arcup for gatelag

Tre år etter starten har Os gatelag framleis til gode å spela kamp mot andre gatelag. Det blir det ei ordning med laurdag 2. november.

Cupen er eit resultat av eit samarbeid mellom Livskvalitet Os og Os Turn.

– Gatelaget vårt har spelt kjendiskamp på Kuventræ og delteke i Midtsiden Cup, men ein skikkeleg kamp mot andre klubb-gatelag har dei aldri spelt. Me fann ut det no var på tide, seier Tor Arne Hitland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er tilsett ved Vartun oppfølgjingsteneste og har vore coach for gatelaget sidan oppstarten. I lag med Vartun-kollega Johanne Rotvik og Alexander Dymbe, samt assistenttrenar på Os A-lag, Rune Mo, er han no i ferd med å gjera draumen om ein gatecup for klubb-gatelag på Kuventræ til ein realitet.

– Me snakkar om effektive karar her. Det er knapt to-tre veker sidan dei byrja å prata om det. Tor Arne og Rune har verkeleg vore på, skyt Alexander Dymbe inn.

Sponsa taxi

Gatelaget til Os Turn har fast trening kvar onsdag. Etter at Rune Mo kom til Kuventræ i januar, har han blitt godt kjend med gatelag-gjengen.

– Det er ein veldig fin gjen. Eg kjenner det gjev meg noko å vera med dei, seier Mo.

– Rune er rett og slett ein fin fyr. Han har gått heilhjarta inn for å hjelpa oss med å realisera denne cupen. På kort tid har han no fått med fem klubbar. Om eit par av dei stiller med to lag, blir me kanskje åtte lag inkludert oss, seier Hitland.

Dei fem klubbane som har sagt at dei kjem er Viking, Stord, Brann, Frelsesarmeen og ... held deg fast, Fredrikstad.

– Fredrikstad, jøss?

– Ja, dei kjem med fly, bur på hotell på Flesland og skal bli bila opp til Kuventræ på cup-dagen, fortel Mo.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Takk vere Os Taxi, heilt gratis. Dei sponsar 16-seter til dei. Utruleg flott gjort, legg Hitland til.

Skal bli mykje større

Då Rune Mo starta å invitera gatelag, vist det seg at det var svært stor interesse. Desverre var det mange som ikkje kunne stilla grunna kort varsel.

– Det viser at potensialet er svært stort. Det vert arrangert NM i gatefotball ein gong i året, men elles er det ingen faste cupar. No håpar me å starta ein tradisjon, seier Hitland.

Mo er sikker på at minst dobbelt så mange lag vil stilla dersom dei inviterer i god tid nest sesong.

– Eg hadde Vålerenga, Strømsgodset og mange andre lag på tråden. Dei var svært positive til å stilla neste gong, seier Mo.

– Me ser på denne første cupen no laurdag 2. november som ein slags generalprøve. Går alt som me håper, blir den berre startskotet for noko me håpar kan bli ein stor tradsisjon her på Kuventræ, seier Hitland.

Mål om skåring

Ole Johnsen har vore med på Os gatelag sidan starten. Han er blant dei 8-10 som trenar med laget fast ein gong i veka.

– Målet for cupen er at me skal ha det sosialt og morosamt saman, så må me jo satsa på ei skåring også. Får me minst ei skåring, så er det bra, ler 45-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han jobbar stundom for teknisk avdeling i Os kommune. Sjefen, Tore Kleppe, har sagt ja til å vera speaker under cupen.

– Blir det ekstra treningar framover no, då?

– Me håpar å få ei ekstra kveldsøkt fram mot cupen, seier Hitland.

– Aller helst hadde me håpa at nokon kunne sponsa Rune (Mo) slik at han kunne trena oss fast framover. Det hadde vore noko, seier Johnsen.

– Ja, det hadde ikkje vore dumt, det. I Brann har dei jo Erlend Hanstveit. Det skaper litt engasjement når A-lagsspelarar involverer seg, seier Hitland.

Yoga-avkopling

Cup-programmet er ikkje meisla ut i stein, men ein del postar er på plass.

– Me håper jo Terje (Søviknes) opnar cupen. Han har følgd laget heile vegen, og eg veit han er oppteken av dette tilbodet, seier Hitland.

Vidare er det lagt opp til sekreteriat og mat og kaffi i klubbhuset til Os Turn, medan dei som treng øvrig avkopling mellom slaga, skal få det hos Johanne Rotvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Johanne har nyleg fullført eit yoga-kurs. No tilbyr ho yoga-timer for brukarar av Vartun og andre med rusrelaterte utfordringar.

– Prosjektet er kalle «Back in the ring». Eg tok instruktør-kurset hos Alexander Medin på Nøsen Yoga og Fjellstue for ei stund sidan. No har eg ein fast time i veka i Os Yoga sine lokale, seier Rotvik.

– Og under cupen, blir det noko av det same?

– Ja, då lagar eg til eit rekreasjonsrom med litt frukt og vatn, og tek litt yoga med dei som måtte føla for ei avkopling, seier Rotvik.

Bankett-middag

Dei 70-80 spelarane som kjem til Kuventræ denne laurdagen, kan også venta seg ei flott avslutning på dagen.

– Me har fått SPAR på AMFI Os til å sponsa middag for alle deltakarane. Så då blir det felles bankettmiddag her i klubbhuset til Os Turn, fortel Hitland.

– Dommarar då, blir det Os-spelarar som skal leia 7-ar-kampane denne dagen?

– Det jobbar eg med. Eg håpar nokon av dei kan stilla, svarer Rune.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Visst ikkje blir det benken på dei neste gong dei møter Lysekloster, ler Johansen tørt frå sida.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no