Festivalgjestar får i sommar tilbod om å reisa og bu på Statsraad Lehmkuhl under Tysnesfest.
Festivalgjestar får i sommar tilbod om å reisa og bu på Statsraad Lehmkuhl under Tysnesfest.

Lanserer Tysnesfest-cruise med Statsraad Lehmkuhl

Tysnesfest med eit nytt spanande tilbod til festivalgjestene.

– Vi lanserer eit heilt nytt konsept for våre tilreisande festivalgjester: Tysnesfest-cruise med «Statsraad Lehmkuhl», skriv dagleg i Tysnesfest, Øystein Vaage i ei pressemelding.

– Dette er så sutaluast som det er mogleg å få det. Ein slepp å tenkja på bil, ferjetider, parkering og overnatting, skriv Vaage.

Artikkelen held fram under annonsen.

Statsraad Lehmkuhl skal plukka opp festivalgjestar i Bergen torsdag 12. juli og frakta dei til Tysnes, der skipet blir liggjande til festivalen er over søndag.

– Fredag 13. juli blir det også mogeleg å bli med på eit lite tokt på fjorden, skriv Vaage.