Det er ingen av pasientane ved Os og Samnanger legevakt som har vore utsatt for ein slik risiko (som Haugom hevdar, red.anm.) grunna dei økonomiske rammene for legevakta.
Det er ingen av pasientane ved Os og Samnanger legevakt som har vore utsatt for ein slik risiko (som Haugom hevdar, red.anm.) grunna dei økonomiske rammene for legevakta.

Legevakta har fått auka midlar kvart år - svar til Haugom

Os kommune avviser på det sterkaste påstandane frå lege Lars Emil Haugom.

Lege Lars Emil Aga Haugom tek i eit lesarinnlegg i Os og Fusaposten 30. januar opp det han meiner har vore ei skeivfordeling mellom Os brann- og redning og Os og Samnanger legevakt og at dette skal ha vore ein trugsel for liv og helse.

Dette vil vi tilbakevise på det sterkaste. Det er ingen av pasientane ved Os og Samnanger legevakt som har vore utsatt for ein slik risiko grunna dei økonomiske rammene for legevakta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saken er nemleg den at Os og Samnanger legevakt frå 2012 til 2017 har fått nær ei tredobling av sine rammer. Netto driftsutgifter (utgifter – inntekter) for legevakta har i perioden vore:

- 2012: kr 5.395.285,-

- 2013: kr 5.014.854,-

- 2014: kr 6.087.784,-

- 2015: kr 7.238.486,-

- 2016: kr 8.107.771,-

- 2017: kr 13.535.900,-

Den største utgiftsposten ved legevakta er løn. Lønsutgiftene var i 2017 på kr 15.171.234,- mot kr 7.046.046,- i 2012. Dette meiner vi gir eit godt bilete på at Os kommune har prioritert legevakta og teke tak i dei tinga som fylkesmannen påpeikte i sin tilsynsrapport frå 2016. Vi har styrka både bemanninga og auka potten til kompetanseheving hos dei tilsette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Å skulle samanlikne kostnadane til Os brann og redning med kostnadane til Os og Samanger Legevakt meiner vi blir heilt feil. Det er to einingar som begge har sine krav til tenestene satt i lov og forskrift frå overordna mynde. Desse krava er ulike og kostar ulikt. Difor går det ikkje an å sette kostnadane opp mot kvarandre og samanlikne tala i dei to tenestene slik Haugom har gjort.

Ein ting skal innbyggarane i Os vera trygg på. Begge tenestene leverar i tråd med dei krav som blir stilt.

Christian Fredrik Fotland

Rådmann

Monica Totland Melvold

Kommunalsjef Helse og Omsorg