annonse

Leiar: Rekk opp handa, Fusa kommune

Held ikkje
Held ikkje: At prosessen er komen så langt at det vil føra til store forseinkingar og økonomiske eller estetiske konsekvensar, minnar om «det er enklare å få tilgivelse enn tillatelse»-tankegang. Det held ikkje. (Foto: )

Fusa kommune bør erkjenna at prosessen kring fleirbrukshallen slett ikkje har vore god nok, og kryssa fingrane for ei minneleg løysing med naboane.

Kanskje klarer kommunen strengt formelt å landa på rett side i saka om fleirbrukshallen i Fusa. Og ingen, heller ikkje naboane, ynskjer å vera dei som torpederer eit så viktig bygg for ungdom, idrett og Fusa kommune elles. Vonleg kan ein koma med til ei minneleg løysing med naboane, slik at ein ikkje i verste fall må reversera noko av det som er gjort.

Men, prosessen kring hallen og signaleffekten Fusa kommune sender gjennom denne saka, er under ein kvar kritikk, og det må ein ta lærdom av.

Fylkesmannen konkluderte i august i fjor med at fleirbrukshallen i Fusa er høgare enn kva plan- og bygningslova gjev heimel for, og at tiltaket difor er avhengig av dispensasjon. Sidan den gongen har arbeidet med hallen halde fram utan gyldig løyve. Parallelt vart det jobba med ein dispensasjonssøknad som skal handsamast av kommunen. Truleg i slutten av januar. Det er Sørli arkitekter som har førd søknaden i pennen, og ein nabo reagerer kraftig på argumentasjonen som vert nytta. Det forstår me godt.

Det framstår for tynt når ein argumenterer med at området var avsett til offentlege bygg utan krav til reguleringsplan i førre kommuneplan frå 2014 (ny kommuneplan kom i 2015), og dei hevdar «ein kan seia at kommunen allereie nøye har vurdert om det skal utarbeidast reguleringsplan for området».

Dette framstår som eit halmstrå. Som naboen også påpeikar; det har vore rikeleg med tid etter dette og før totalenterprisen vart innhenta, til å gjennomføra ein ryddig planprosess. Med ein reguleringsplan i botn hadde ein sikra ein betre prosess opp mot naboar og andre berørte og ein hadde unngått å så tvil kring ei sak der kommunen sit på begge sider av bordet.

Arkitektfirmaet argumenterer med at ein må vekta samfunnsmessige omsyn opp mot private interesser, at det «må vurderast om ein reguleringsplan i forkant av byggesaken, eller i ettertid av rammesøknaden, ville ha resultert i eit anna konsept for fleirbrukshallen eller berre vore eit forseinkande og fordyrande element», og at fordelane ved å gje ein dispensasjon frå «den nye» kommuneplanen er klart større enn ulempene, «fyrst og fremst fordi prosessen har kome så langt at det vil føra til store forseinkingar og uforholdsmessige økonomiske og estetiske konsekvensar som vil råka ikkje berre tiltakshavar, men også lokalsamfunnet hardt».

Dette er argumentasjon som lyser av etterpåklokskap, og der bortimot alle punkta ville vore rydda av vegen med ein reguleringsplan i botn. Ein kunne framleis vekta samfunnsmessige omsyn opp mot private interesser. Kanskje hadde det førd til eit anna konsept. Kanskje ikkje. Poenget er at ein hadde fått vurdert dette i ein reguleringsplan. At det ville vore forseinkande eller fordyrande, er «sjølvpåførd» og irrelevant. At prosessen er komen så langt at det vil føra til store forseinkingar og økonomiske eller estetiske konsekvensar, kan minna om «det er enklare å få tilgivelse enn tillatelse»-tankegang. Det held ikkje, og i alle fall ikkje i ei sak med kommunen som tiltakshavar og der kommunen også er den som skal sjå til at lover og reglar vert følgde.

Parallelt med manglande løyve og utarbeidinga av dispensasjonssøknaden, har arbeidet med hallen halde fram utan gyldig løyve sidan tidleg på hausten i fjor. Dette har det gått for lang tid å følgja opp.

Her må Fusa kommune rekka opp handa og seia at dette ikkje har vore godt nok. Så må ein starta jobben med å koma fram til ei minneleg løysing med naboane, og så må ein få opna ein hall som vil bety svært mykje for lokalsamfunnet, utan at det heng ei mørkegrå sky over hallen på opningsdagen. Det fortener ikkje eit i utgangspunktet så viktig og godt tiltak.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut