Bølgjebrytarane er på plass i Os hamn, men har førebels til gode å visa kva dei er gode for.
Bølgjebrytarane er på plass i Os hamn, men har førebels til gode å visa kva dei er gode for.

Leiar: Vil gamblinga betala seg?

37 millionar kroner er summen Os kommune har brukt på bølgebrytarane som no er på plass i Os hamn.

MDG og Ap har ved fleire høve uttrykt sin skepsis og meiner pengane burde vore prioritert til andre oppgåver. Frp/H har vore klar på at investeringa er heilt nødvendig for å skjerma hamna, gjera Os til ein attraktiv båtdestinasjon og bidra til Liv på Øyro.

Det er ikkje til å koma frå at det er eit element av gambling i denne store investeringa. Enno kan ein ikkje med sikkerheit seia noko om den konkrete effekten av bølgjebrytarane slik dei ligg no. Kor god vert skjerminga? Kor roleg vert det i hamnebassenget? Det er berre å venta i spenning på den fyrste stormen frå søraust.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det neste usikkerheitsmomentet, som også er vanskelegare å måla - i alle fall på kort sikt - er effekten ei rolegare hamn vil ha på auken i talet båtturistar og i sin tur ringverknadene for Øyro, turistnæringa og næringslivet elles i Os.

Desse to spørsmåla vil me ikkje få svar på før dei første stormane og etter ein solrik (!) sommar eller tre.

Isolert sett er det enkelt å vera samd i at det måtte gjerast noko med hamna for å løfta attraktiviteten til Os som båtdestinasjon.

Vert den fysiske effekten av bølgebrytarane god samstundes som ein klarer å vidareutvikla hamna, Øyro, nærområdet elles og også den generelle turistsatsinga i Os, vert det i alle fall hakket lettare å forsvara ei slik investering.

Skulle effektane derimot utebli, vil spørsmålet om kor vidt det var rett å prioritera bølgebrytarane over andre kommunale investeringar og oppgåver, ganske sikkert dukka opp att.

Me går nokre spanande månader og sommarhalvår i møte. Vonleg gjer investeringa at Os kan ta opp kampen med både Våge, Rosendal, Leirvik og Bekkjarvik.