Nei, eg håpar at Os Frp vil hjelpa oss der vi bur, slik Frp har føreslege i rikspolitikken.
Nei, eg håpar at Os Frp vil hjelpa oss der vi bur, slik Frp har føreslege i rikspolitikken.

Lesabrev: Os Frp fryktar kva Fusa kommune kan dra med seg inn i Bjørnafjorden - og med god grunn!

Klart det er skræmande for Os å sjå for seg at dei skal ta seg av ein fattig fetter frå aust om Bjørnafjorden.

Ikkje det minste rart at tankar om Tyskland sin vanskeleg gjenforeingsprosess dukkar opp i slike stunder.

Tenk når fusingane fyrer opp Trabanten sin og kjem putrande opp bakkane frå Hatvikaferjo og vil slå seg ned på Os!

Artikkelen held fram under annonsen.

Nei, eg håpar at Os Frp vil hjelpa oss der vi bur, slik Frp har føreslege i rikspolitikken.

Ein liten grensekontroll på Hatvikakaien og t.d i Rødsliane, synest eg vi må godta.

Skulle nokon finna på å ta omvegen om Tysnes, bør dei få sleppa inn utan større problem, fordi det er nok helst personar med god bil og råd til bensin som kjører så langt.

Litt familiegjenforening bør det verta rom for for slike som meg, som er gift med ein ekte osing?

Som førebyggjande tiltak i den tida som er att av 2019, så kan t.d alle osingar som pendlar til Fusa på jobb, få status som hjelpearbeidarar. «Os inspirer alle i Fusa» er eit flott slagord å ha på bilane.

Eg har tre år bak meg i Zambia. Der fungerte høvdingstyret langt betre enn det politiske systemet. Slik er det nok i Fusa og. At vi held oss med nessekongar er eit resultat av at det politiske systemet ikkje fungerer godt nok i alle deler av kommunen. Dessutan er det langt til Eikelandsosen.

Men takk vere Fusa kraftlag har vi fiberleidningar inn i alle hus og hytter i kommunen. Slå den!

Det er klart skulane i Os er større og finare. Her held vi oss med smålåtne kår på det materielle. Det er nok ei stund til vi når 1999-nivået til Os, men det kjem!

Artikkelen held fram under annonsen.

Helge Ådland

Gift med torillos