Eg vil gjerne ha ein klode i god stand å levera til neste generasjon.
Eg vil gjerne ha ein klode i god stand å levera til neste generasjon.

Lesarbrev: 2040

Veit du at kloden allereie er ein grad varmare, og på god veg mot to?

I år 2040, då har Os kommune planlagt å ha 40.000 innbyggjarar. Det er ikkje veldig realistisk. Diverre er det realistisk at vi i år 2040 vil oppleva meir enn 2 gradar høgare gjennomsnittstemperatur på kloden. 2 gradar er som kjent talet frå Parisavtalen - det er ikkje eit mål vi siktar på - det er eit maks tak vi bør halde oss lengst mogleg unna.

Temperaturen på jorda ligg allereie ein grad høgare enn i førindustriell tid, og meir ekstremt vêr er det vi kan venta oss. Meir ekstremt vêr kan bety ein så nedbørsfattig sommar for oss vestlendingar at tørka fører til fôrmangel, naudslakting og store skogbrannar, litt som vi såg i sommar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meir ekstremt vêr kan bety lengre nedbørsperiodar så vi ikkje får til å hausta, litt som vi såg i fjor. Meir ekstremt vêr vil bety større nedbørsmengder med ras, flaum og anna, litt som vi ser med nedbørsrekord på nedbørsrekord.

Dersom vi klarer å stogga oppvarminga på 1,5 gradar, så kan det hende at ikkje alle korallrev forsvinn, men det kan skje ved 2 gradar. Framleis aukar globale utslepp. Vi er på veg mot 3 gradar, og då kan mellom anna regnskogane kollapsa. Dette er hypotesar som kan bli endra med meir kunnskap, men hovudtrekka ein finn i FN sine klimarapportar held seg stødig etter kvart som vi aukar karboninnhaldet i atmosfæren og etter kvart som vi får meir data om endringane.

Noreg gjer ikkje sitt for å kutta utsleppa så det monnar. Regjeringa vår legg opp til vidare stor produksjon av olje- og gass på norsk sokkel. Framstegspartiet ser ut til å ønskja størst mogleg økonomiske ressursar til vårt eige land utan å innsjå at alle nasjonar har kloden som felles livsgrunnlag og at det finst ein samanheng der. Høgre har fullstendig tapt si konservative sjel - eit ord som tyder å bevara om nokon har gløymt det. Og Venstre prøver etter sigande, med handa si på rattet, å stagga alle dei mykje sterkare hendene til regjeringspartnarane. Resultatet er at det første Venstre støtta i regjering var å gjennomføre tildeling av endå fleire petroleumsløyve i 24. konsesjonsrunde - i direkte strid med eige landsmøtevedtak.

Framstegspartiet ser ut til å ønskja størst mogleg økonomiske ressursar til vårt eige land utan å innsjå at alle nasjonar har kloden som felles livsgrunnlag og at det finst ein samanheng der.
Framstegspartiet ser ut til å ønskja størst mogleg økonomiske ressursar til vårt eige land utan å innsjå at alle nasjonar har kloden som felles livsgrunnlag og at det finst ein samanheng der.

Ein tidlegare olje- og energiminister, skjønt han var mest oljeminister, sa det var på tide for Noreg å køyra litt på, for det ligg jo inne fossile ressursar i framtidas energimiks. Det han og mange andre unnlét å fortelja er at alle desse framskrivingane også inneheld ein stor, og veksande, andel karbonfangst og lagring. Dette er teknologi som må opp i svært stor skala for å utgjere ein forskjell. Det som er verre er at teknologien ikkje finst!

I år 2040, då blir mine to born 29 og 33 år gamle. Eg vil gjerne ha ein klode i god stand å levera til neste generasjon.

Nils-Anders Nøttseter