Mitt ønske i fellesnemnda var å få fart på den største elefanten i rommet. Fellesnemnda har plikt til å kommentere budsjettvedtak i begge kommunar, og saka var til handsaming.
Mitt ønske i fellesnemnda var å få fart på den største elefanten i rommet. Fellesnemnda har plikt til å kommentere budsjettvedtak i begge kommunar, og saka var til handsaming.

Lesarbrev: Å lufte elefantar

Arbeidet i fellesnemnda er utfordrande. Vi er på god veg, men for å komme heilskinna i mål må vi vere ærlege med kvarandre - også når det er vanskeleg, skriv Nils-Anders Nøttseter (MDG).

Det er lett å tråkke i klaveret når ein er politikar. I Os og Fusaposten kan einlese at eg i fellesnemnda var kritisk til Fusa kommune sin økonomiplan, og eg forstår - slik saka vart framstilt i avisa - at det kan lesast som ein tramp frå den store kommunen på den vesle. Det var ikkje min intensjon.

Eg er lei for at provokasjonen min i fellesnemnda var i hardaste laget, og at bodskapen ikkje kom klårt nok fram korkje gjennom mine eigne ord eller vidare gjennom pressa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er vanskeleg å driva ein kommune med låg inntekt, og vi har her to kommunar med svært trong økonomi. Eg unner innbyggarane i Fusa både ny skule og ny idrettshall, det var ikkje det eg kritiserte. Eg ønsker ei god framtid for innbyggarane i Henanger, Håvik, Lygrepollen og dei andre plassane eg heller ikkje har vitja endå. Eg veit at at eg har mykje igjen å lære om Fusa, men sjølv om eg ikkje kjenner bygdene godt, så vil eg uansett jobbe for at det ikkje skal bli naudsynt å køyre kommunen på tvers for å få barna i barnehagen.

Her kjem eg til temaet. Mitt ønske i fellesnemnda var å få fart på den største elefanten i rommet. Fellesnemnda har plikt til å kommentere budsjettvedtak i begge kommuner, og saka var til handsaming. Alle politikarar veit at temaet lenge har vore nærast tabu, men vi folkevalde har etter mitt syn ei plikt til å debattere saka. Eg meiner framleis at det er uforsvarleg av kommunestyret i Fusa å vedta ein økonomiplan som ikkje er i balanse.Det meiner også Kommunal- og moderniseringsdepartementet,fylkesmannen og andre som har inngåande kjennskap til dette.

Men eg meiner også at Os kommune har vore for slepphendt med økonomien. Vi har eit regionalt kulturhus som har teke for mykje tran, vi har brukt nesten førti millionar på bølgebrytarar, vi har ein tropehage til millionpris i sjukeheimen vår og vi har snart brukt ein halv milliard på eit overdimensjonert avløpsanlegg. Alle desse prosjekta er fine kvar for seg og kan få skryt i massevis, men i sum kostar dei mykje på driftsbudsjettet til Os kommune. Og snart på driftsbudsjettet til Bjørnafjorden kommune. Miljøpartiet Dei Grøne har vore kritisk og stemt mot mykje av dette, sjølv om ein del også har opphav frå før vi fekk representasjon i kommunestyret.

Eg trur vi klarer å få orden på økonomien i den nye kommunen, men det kan bli tunge tak. Eg vil at vi skal kunne diskutere alle slags tema sjølv om dei er vanskelege.

Som grøn politikar er eg grunnleggande positiv til dyr, også elefantar.

Nils-Anders Nøttseter

Gruppeleiar Miljøpartiet Dei Grøne

jostein@osogfusa.no