Debatten rundt framtidig barnehagedrift i Fusa må takast, og denne saka visar at han må takast ganske raskt.
Debatten rundt framtidig barnehagedrift i Fusa må takast, og denne saka visar at han må takast ganske raskt.

Lesarbrev: Barnehagar kan ikkje leggjast ned utan ein grundig prosess

Både foreldre og tilsette må få høve til god medverknad før vedtak blir fatta, skriv forelder.

Forslaget frå administrasjonen om å flytte borna ved Holdhus Barnehage fekk foreldre ved barnehagen informasjon om i brev tysdag 19. mars. Forslaget skulle handsamast politisk onsdag 27. mars. I brevet sto det: Det var få søkjarar 1. mars til barnehageplass i Holdhus barnehage for barnehageåret 2019/2020. Det fører til at det vert 10 barn i Holdhus barnehagen frå 01.08.19. Dette gjev berre økonomisk grunnlag for to tilsette.

Dersom ein skal oppretthalda forsvarleg drift, må det vera tre tilsette på jobb per dag. Dette vil utgjera ein ekstra kostnad på kr 571.000 per år. På grunn av reglane som gjeld i samband med kommunalt tilskot til private barnehagar, vil denne lønnskostnaden generera eit tilskot til private barnehagar på ca. kr 3,2 millionar for Bjørnafjorden kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein slik konsekvens ville vore alvorleg og det er fullt forståeleg at rådmannen må foreslå tiltak på et slikt grunnlag, men stemmer dette grunnlaget?

Det er barnehagelova §14 med tilhøyrande forskrift som gjev reglar for tilskot til private barnehagar. I forskrifta §16 er det skildra korleis kommunesamanslåing skal handsamast. Forskrifta slår fast at kostnader ved dei kommunale barnehagane i Fusa ikkje får verknad for dei private i Os før kommunesamanslåing er gjennomført. Dette informerte eg administrasjonen om, og på måndag 25. mars sender rådmann skriv i formannskapet med «presisering av utrekning av tilskot til private barnehagar». Presiseringa blander saman direkte lønskost ved ei ekstra stilling i barnhagen i tilskot til private barnhagar og konkluderer med at ein ekstra tilsett ved Holdhus vil gje et auka tilskot til private barnehagar i 2022 på 1,8 mill.

Stemmer så dette? Min påstand er nei. Saka omhandlar ifølge administrasjon og ordførar berre drift ved Holdhus for barnehageåret 2019/2020. Talet på 1,8 mill. føresett drift heile 2020. Talet føresett også at det ikkje blir tatt opp nye born i løpet av barnehageåret. Etter mi vurdering er derfor konsekvens for tilskot til private barnehagar i underkant av 1 million. Dette er relativt langt frå informasjon gitt i brev til foreldre og teksten i saksframlegget til formannskapet.

Når så administrasjon blir møtt med reelle kostnader, så kjem påstanden om at 10 born uansett er for lite til å gje eit forsvarleg tilbod. Det er mogleg dette er riktig, men i brevet dei sendte står det jo at det krev tre tilsette for å gje eit forsvarleg tilbod? Stemmer ikkje dette lengre no? Kor mange born trengst det då i ein barnehage for å kunna gje eit forsvarleg tilbod? Går grensa på 10 born? Eller er det uforsvarleg med drift også ved Søre Fusa bhg som dei opplyser vil ha 11 born frå hausten av?

Avstandar til andre barnehagar gjer at det er tilleggsgrunnar for drift ved Søre Fusa. Det er likevel krav om forsvarleg drift. Her må ein vera varsam med argumentasjonen.

Eg forstår godt at det kan bli reaksjonar på at ein i formannskapet vedtek framleis drift i ein barnehage med 10 born der det er seks minutt til neste barnehage, men då vil eg prøva å forklara kva administrasjon og posisjon prøvde å vedta: Holdhus barnehage skulle ikkje leggast ned. Det var berre ei midlertidig flytting av born og tilsette for året 2019/2020.

Kva inneber så eit slik forslag? Ja, det veit me jo eigentleg ikkje for saka er ikkje tilstrekkeleg utgreidd slik ei sak skal vera. Forslaget har ikkje blitt førelagt foreldre slik barnehagelova §4 krev. Me har altså ikkje hatt moglegheit til å få informasjon om heilt vesentlege element som til dømes:

- Sida Holdhus ikkje blir lagt ned, men borna flytta, vil ein formelt då framleis vera tatt opp ved Holdhus eller vil ein bli tatt opp ved Jettegryto og ha same rettar som borna der? Eller kan ein berre bli flytta opp igjen mot sin vilje om søkjartala gjer at det ikkje blir plass ved Jettegryto?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det skal vera byggearbeid ved Jettegryto. Kva konsekvens vil dette få? Vil leikeareal gå ned slik at norm for leikeareal ikkje blir oppfylt?

- Ut frå informasjon politikarar har fått, så er det 43 born ved Jettegryto og 10 ved Holdhus frå hausten av. Jettegryto er godkjent for 54. Kva med opptaket i januar. Kan søkjarar der bli plasserte ved andre barnehagar eller vil ein gå ut over godkjenning? Jettegryto skal jo ha beredskapsplassar?

- Kva med dei tilsette? Administrasjon seier at alle skal vera med til Jettegryto. Nokon må vel ut for å få ned kostnadene? Eller har dei for få tilsette i Jettegryto?

Det er ingen tvil om at fødselstala i Fusa skapar problem for barnehagedrifta og det vil få følgjer for skulane.

Debatten rundt framtidig drift må takast og denne saka visar at den må takast ganske raskt. Debatten bør gjerast skikkeleg og problemstillingar og informasjon må opp og fram. Både foreldre og tilsette må få ha god medverknad før vedtak blir fatta.

Martin Tveitnes

Forelder Holdhus barnehage