Vi forbrukarar vil frå 1. juli 2018 stå sterkare uansett om vi kjøper ei pakke gjennom reisearrangør, eller om vi set saman ei reise sjølv.
Vi forbrukarar vil frå 1. juli 2018 stå sterkare uansett om vi kjøper ei pakke gjennom reisearrangør, eller om vi set saman ei reise sjølv.

Lesarbrev: Betre rettar for forbrukarane

Den nye pakkereiselova styrkjar rettane til dei reisande.

I desse dagar legg mange ut på påsketur enten til fjells eller til varmare strøk. Når ein reiser til det store utland, er det framleis mange som kjøper pakketurar. Nokså sutalaust. Men fleire og fleire ordnar reisa si sjølv. Det er då gledeleg at også desse reisene vert styrkte og betra for forbrukarane ved at ein no får ei ny pakkereiselov.

Frå 1. juli 2018 vil den nye lova tre i kraft. Lova gjennomfører EU-direktivet om pakkereiser av 2015. Direktivet sikrar like reglar i Europa, og legg til rette for auka handel over landegrensene. Det vil med andre ord seia at nordmenn som kjøper reisearrangement frå utanlandske næringsdrivande vil ha dei same rettane som ved kjøp frå norske næringsdrivande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjøper du ei pakkereise, har du ei rekke rettar, blant anna krav til informasjon før reisa startar, krav til arrangøren under gjennomføringa av pakkereisa, og til beskyttelse ved arrangørens konkurs. Den nye pakkereiselova vert tilpassa ein stadig meir digital kvardag, der forbrukarane i større grad set saman sine eigne reiser.

Også leie av bil og kjøp av konsertbillettar vil kunna sjåast på som pakkereiser. Dette sikrar fleire forbrukarar mot arrangørens konkurs.

Fleire reisearrangement vil også sjåast på som pakkereiser. Krava om reisegaranti vil gjelda også ved samansette reisearrangement. Det vil seia fleire reisetenester kjøpt til same reise, utan å vera pakkereise. Det medfører i tillegg auka krav til næringsdrivandes opplysningsplikt. Kostnader som ikkje er opplyst om knytt til pakkereisa, skal ikkje betalast. Og arrangørens ansvar for korrekt gjennomføring av pakkereisa skal tydeleggjerast.

Samtidig vert særordninga med reisegaranti når den reisande kjøper berre flybillettar av ein charteroperatør fjerna. Garantien vert fjerna for å sikra charteroperatørar like konkurransevilkår som flyselskapa.

Så for oss forbrukarar vil vi frå 1. juli 2018 stå sterkare uansett om vi kjøper ei pakke gjennom reisearrangør, eller om vi set saman ei reise sjølv.

God påske !

Laila Reiertsen

Os FrP