Os har noko å læra av Oslo på å prøva bilfritt sentrum. Slike løysingar tillet køyring til eigedomar, og lasting/lossing, og blir laga med gjennomtenkte løysingar for funksjonshemma. Difor inviterte vi i fjor byråd for samferdsle og miljø i Oslo, Lan Marie Berg, på vitjing for å setja fokus på dette.
Os har noko å læra av Oslo på å prøva bilfritt sentrum. Slike løysingar tillet køyring til eigedomar, og lasting/lossing, og blir laga med gjennomtenkte løysingar for funksjonshemma. Difor inviterte vi i fjor byråd for samferdsle og miljø i Oslo, Lan Marie Berg, på vitjing for å setja fokus på dette.

Lesarbrev: Den venaste nokon kan sjå?

Det er lett å laga eit sentrum av betong, asfalt og bilar. Men kan vi heller gjera det triveleg og trygt?

Vi vart skuffa då torgbygget vart plassert midt på den nye fine plassen, på ein særs trafikkfarleg måte. Vi er skuffa over at det offentlege toalettet som var premissgjevande ikkje er tilgjengeleg. Vi er framleis overraska over at kommunen bygde eit næringsbygg og leigde det ut til mindre enn kostpris i konkurranse med andre næringsbygg som står tomme i Os. Vi forstår ikkje prosessen som førte til at vi fekk eit så stort bygg midt på plassen utan at kommunestyret diskuterte det skikkeleg. Vi forstår ikkje kvifor vi skal bruka opp resten av den lille plassen på vassfontener - som om ikkje vi har nok vatn i bygda? Vi forstår ikkje kvifor det demokratiske organet Råd for menneske med nedsett funksjonsevne ikkje sette ned foten for ei granittløysing som er estetisk fin, men elendig for rullestolbrukarar - dei hadde kanskje ikkje saka til grundig handsaming dei heller?

Sentrum må ryddast for bilar

Oversiktsfoto over sentrum viser mykje areal til bilar, og lite til folk. Skal sentrum bli ein triveleg plass å ferdast meiner vi at det må setjast av langt meir areal til folk. MDG Bjørnafjorden meiner at Os har noko å læra av Oslo på å prøva bilfritt sentrum. Slike løysingar tillet køyring til eigedomar, og lasting/lossing, og blir laga med gjennomtenkte løysingar for funksjonshemma. Difor inviterte vi i fjorbyråd for samferdsle og miljø i Oslo, Lan Marie Berg, på vitjing for å setja fokus på dette. No tek stadig fleire osingar til orde for akkurat slike tiltak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men skal ein få bilane ut av sentrum, må vi løyse parkeringsproblema. Difor er ei av sakene MDG heile vegen har jobba hardt for nettopp at ny parkering må skje i fjellhall. Vi kan ikkje risikere å gjenta tabben til Bergen, som bygde parkeringshus i inngangspartiet sitt. Parkeringshus er ikkje ein inngangsport som får folk til å føla seg velkomne. Også her får vi støtte utombygdsfrå, i mellom annaMikal Leigland sine observasjonar. Diverre opplever vi at prosessen heile vegen har vore prega av hastverk og motvilje mot å få tilstrekkeleg vurderingsgunnlag på bordet før vedtak. Slik skikken har vore i Os. Gruppeleiar i Frp seier ofte “buy land, they don’t make it anymore”. Nett no har vi ikkje akutt mangel på areal i sentrum, men i løpet av dei neste to-tre-fire tiåra, så kan sentrumsgryta sjå mykje interessant utvikling - til dømes når vi endeleg får fatt i Esso-tomta. Då er det viktig å byggje saman eit godt sentrumsareal heile vegen frå kyrkja til Oseana. Ein fjellhall med utgang for folk i begge endar, som Klostergarasjen, vil også frigjere hotelltomta ved Oseana. Den er i dag anten heilt tom eller heilt stappfull av bilar. Og gløym tankar om eit parkeringshus til fleirbruk. Det vil ikkje bli eit bra bygg til korkje parkering eller næring.

Oshjørnet bør nok rivast

Takterrassen på torgbygget er fin når bygget no først står der. Men bygget har ført til ei lukking av eit sentrumsrom som kunne vore befriande ope. Kva grep kan vi gjera for å opna opp att sentrumsarealet?Per Tore Bakketeig foreslår å riva Oshjørnet. Dette er spanande idear i tråd med det vi tenkjer, og i tillegg ønskjer vi å gjera storparten av bydraget bilfritt. Ein kan meine at det er dumt å riva eit bygg kommunen har brukt 13-14 millionar på, men for å setje det i perspektiv kan vi nemne at kommunen har brukt 60 millilonar på opprusting av sentrum, og nesten 40 millionar på bølgjebrytarar. Med det i mente kan rivinga sjåast som ei moderat investering i liv på Øyro.

Kva driv eigentleg OBE med?

Sjølve Oshjørnet er eigd av det kommunale selskapet Os Bygg og Eigedom AS. OBE har ikkje klart å vera byggutviklar i sentrum. Dette har heller aldri vore kjernekompetansen til selskapet, så styret og politikarane må ta ansvar her. Men heller ikkje innan kjerneområdet, utvikling av gode buområde, har selskapet fulgt med i tida. Til dømes er utbygginga i Halhjem bilbasert og bryt med kollektive løysingar og høve til å bu og leva lokalt. Det er no vanskeleg å finna ut kva som skal vera nærsenteret. Her må sjølvsagt politisk leiing ta ansvar for ustrukturert utbygging over lang tid.

Os bygg og eigedom må delta i det moderne samfunnet der vi gjer ting grundig og tek vare på det vi skal ta vare på, og at vi byggjer på ein strukturert og smart måte framover. Her frå prosjektet i Gåsakilen.
Os bygg og eigedom må delta i det moderne samfunnet der vi gjer ting grundig og tek vare på det vi skal ta vare på, og at vi byggjer på ein strukturert og smart måte framover. Her frå prosjektet i Gåsakilen.

Det siste OBE har rota til er utbygging ved Gåsakilen. Der har selskapet laga vegskulder ut i vassdraget trass i at MDG, som ønskte vegen ut av vernesona, i kommunestyret fekk vi lovnadar frå kommunalsjefen om at elva ikkje skulle blir rørt i det heile. OBE har i det siste også trampa i klaveret både med korleis dei har teke seg til rette i høve Osbanetraseen, og korleis deiramponerte den verna postvegen vår. Dette er ikkje godt nok.

Det er framleis ein veg å gå i å rydda opp

Os bygg og eigedom må delta i det moderne samfunnet der vi gjer ting grundig og tek vare på det vi skal ta vare på, og at vi byggjer på ein strukturert og smart måte framover. Det same må politikarane i kommunestyret, som har ansvaret. Vi er inne i ein svært problematisk prosess i arbeidet med rullering av arealplan, noko som får konsekvensar for mykje anna kommunal utvikling. Eit døme på dårleg samfunnsutvikling erbutikken i Kloppamyra som vart vedteke av liberalistane i Frp, samt Høgre og Sp, mot svært sterke motsegn frå fagleg hald og politisk opposisjon. Butikken er heilt flott, og no blir det endeleg fotgjengarfelt, men den er framleis bygd på feil stad - det er alt for langt unna næraste nærsenter.

Kommunestyret har nyleg sett ned eit nytt utval til å sjå på vidare utvikling av Osøyro. MDG jobber for demokrati og openheit i alle avgjersler og prosessar. Vi vil bruka vår plass i utvalet til å sørga for at vi unngår demokratisk underskot, og at vi tek godt vare på den fagre bygdi.

Nils-Anders Nøttseter

Miljøpartiet Dei Grøne Bjørnafjorden