I denne bygda fanst det mellom anna hus kalla UMS-huset (biletet), Allakten, Fjellheim og Teigenhuset - stader der dei kunne finne ut av ting, utvikle seg og lære saman med andre.
I denne bygda fanst det mellom anna hus kalla UMS-huset (biletet), Allakten, Fjellheim og Teigenhuset - stader der dei kunne finne ut av ting, utvikle seg og lære saman med andre.

LESARBREV: Det låg ei bygd mellom fjordar og fjell

Det var ein gang ei bygd vest i Noreg der ungdommar styrte sine eigne saker. Dei sat i ungdommens kommunestyre. Dei spela i band, dei spela spel, dei utforska seg inn i dataalderen. Ungdommane hadde tilgang til mange eigne stader der dei styrte seg sjølve. Kommunen i bygda sytte for husvære, ungdommane stod for innhaldet.

I denne bygda fanst det mellom anna hus kalla UMS-huset, Allakten, Fjellheim og Teigenhuset. Det fanst nokre midlar ungdommane sjølve kunne søkje på til å halde på med aktivitetane sine. Dei fekk kurs i regi av kommunen for å lære organisasjonsdrift. Dei hadde rusfrie helgetiltak. Det var slik at ungdommane ikkje berre hadde ein plass å drive tida, men stader der dei kunne finne ut av ting, utvikle seg og lære saman med andre. Med husrom og litt vennleg rettleiing frå vaksne, lærte ungdommane seg å løyse oppgåver for å skape sine eigne arenaer sjølve.

No har eg blitt så gamal at eg av og til kan tenkje at alt var mykje betre før. Slik er det sjølvsagt ikkje. Side om side med dette glansbiletet fann det stad massive fyllefestar i alle ungdomshusa rundt i krinsane, med slåsting, intrigar og sikkert fleire varige mén. Men noko var likevel betre før. Sjølv vart eg styreleiar i ein frivillig organisasjon lenge før eg fylte tjue. Med ansvar for 70-100 medlemmar av ein organisasjon utelukkande driven av, for og med ungdom. Vi fekk kommunal støtte til rusfrie helgetiltak, vi disponerte UMS-huset, Allakten og Fjellheim - vi lånte til og med heile barneheimen på Moberg til arrangement, heilt utan vaksne til stades. Denne typen aktivitet har forma både meg og mange av mine nære venner. Vi fekk trua på at vi kunne få til noko, og at vi hadde påverknad på vår eigen situasjon og på verda rundt oss.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg vart student og bergensar, samstundes med at Frp/Høgre overtok roret i Os. No er denne bygda vår ein av landets mest effektive kommunar innanfor ei rekkje felt. Her har vore spart og spinka, endra, snudd og effektivisert. Det har nok vore både bra og naudsynt, men det kan sjå ut for at vi også mista noko på vegen. Litt av slingringsmonnet, mogelegheita til å finne vegar utanfor systema som alt er etablerte. Dei halvtomme, nokså slitte husa er også effektiviserte bort. Tilbake står vi med eit utmerka flott kulturbygg som er bra til sitt bruk, men det er ikkje til å komme utanom at der er det dei tilsette som har nøklane, ikkje annankvar ungdom i bygdo.

Utviklinga og avviklinga av det sjølvstyrte tilbodet til ungdommen i Os har vore eit politisk prosjekt drive fram av dei som har site med makta her dei siste mange åra. Det er ikkje tilfeldigheiter som har brakt oss dit vi er i dag. Med god styring kan vi formodentleg også komme ut igjen av denne grøfta. Men vi kan ikkje gløyme at dagens situasjon ikkje oppstod i eit vakuum. Nokon har faktisk ansvaret for det. Difor er det sjølvsagt flott at Laila Reiertsen og Eirik André Hesthamar seier dei no vil ta grep. Ingenting er betre enn at dei ansvarlege politikarane i Framstegspartiet dreier om og set inn krefter og pengar for å betra tilbodet til denne gruppa. Det var ikkje mykje som skulle til for at vi skulle ha alternative tilbod, vi som korkje spelte fotball eller drakk oss fulle. Og det er ikkje sikkert det er så mykje som skal til, i dag heller. Eg er spesielt glad for at kommunen tek initiativ til å først lytta til ungdommen. Det er trass alt dei som veit kva dei treng.

Ein stor takk til bussjåfør Madeleine Thomassen for at ho tok til orde for det ho oppfatta som negative endringar rundt oss, og gav tydeleg beskjed om si bekymring for ungdommane våre! No er det opp til oss politikarar å ta dette vidare saman med kommunens mange gode tilsette. Og ikkje minst - ungdommane sjølve.

Ein stor takk til bussjåfør Madeleine Thomassen for at ho tok til orde for det ho oppfatta som negative endringar rundt oss, og gav tydeleg beskjed om si bekymring for ungdommane våre!
Ein stor takk til bussjåfør Madeleine Thomassen for at ho tok til orde for det ho oppfatta som negative endringar rundt oss, og gav tydeleg beskjed om si bekymring for ungdommane våre!

Nils-Anders Nøttseter

Tidlegare engasjert ungdom - no engasjert politikar (MDG)