annonse

Lesarbrev: Ei kort historie om livet som medlem i Os Pensjonistforening

Blei godt mottatt
Blei godt mottatt: I mitt første oppmøte blei eg godt mottatt, og fekk god kontakt med fleire for meg til då framande personar. (Foto: )

Os Pensjonistforeining gav meg ein følelse av tilhøyrsle og ro etter ein tøff periode.

Eg heiter Knut Marius Prestvold, er fødd bergensar av sørlandske foreldre, vaksen opp frå skulepliktig alder i Åsane og hamna som pensjonist i Os. Eg er no nær 90 år gamal, og nyter tilværet i Os som medlem i Os Pensjonistforening, heretter nemnd som OPF.

Då husverten, vår eldste son, døydde i 2010 i en alder av 56 år, mista vi litt av «fotfestet» vårt. Då mi kone døydde i 2013 blei eg meir eller mindre tafatt, og rastlaus. Det var då eg begynte å oppsøkja OPF, og fann mi tilhøyrsle i foreininga. Ein følelse av sosial tilhøyrsle blei til ein beroligande og trygg følelse.

I mitt første oppmøte blei eg godt mottatt, og fekk god kontakt med fleire for meg til då framande personar. Eg hugsar så godt ein spesiell person som eg med ein gong tenkte at vedkomande var akkurat slik som eg kunne tenkja meg ein god bestefar-type. Etter det oppmøtet er eg blitt ein av dei faste tilhengarane av OPF.

Eg ønskjer å gjera OPFs forskjellige tiltak betre kjent utover i Os, og vil oppmoda fleire til å koma seg ut av godstolen og vera med. OPF eig sitt eige hus, Os Eldresenter i Hamnevegen 40, og her driv dei sine ulike aktivitetar.

Vi har to tilsette. Det er først og fremst kjøkensjefen, som kokar og bakar og førebur maten. Ho bakar kaker, rundstykke, horn og mykje anna. Ho førebur middagane som vert servert, og lagar til det som vert servert til kaffien i kafeen vår. I tillegg til ho er det ein vaskehjelp som er tilsett.

Måndag, onsdag og fredag har vi kafedrift. Måndagane er det leikarring. Annankvar måndag er det tre omgangar med bingo frå føremiddagen, og då med daglegvarer som gevinstar. Onsdagene er det seniordans.

Fredagane er det trim for eldre. Trimmen blir vanlegvis leia av ein fysioterapeut som er løna av Os kommune. Det hender at vi må leia trimmen sjølv og då gjer vi det.

Siste fredagen i måneden serverer vi middag laga på kjøkenet. Middagen er ein hovudrett og dessert med kaffi. Kvar og ein forsyner seg sjølv til dei er mette.

Hyggekveldar vert arrangert ein gong per månad, og då om fredagskvelden. Då er det varm mat og dans til levande musikk.

Pensjonisttreff vert arrangert ein gong i måneden om tirsdagen.

Om sommeren i 6-7 veker er det sommaropen kafedrift om onsdagene. Dette er basert på dugnadsinnsats.

Å drive OPF krev ein god del dugnad fra medlemene, og vi blir alle eldre etter som åra svinner hen. Derfor ønskjer vi ein auke og fornying i medlemsmassen. Alle er velkomne. Derfor skriv eg: Ikkje ver redd for å møta opp. Det er ingen tvang å måtta melda seg inn som medlem.

Vi har ein eigen arrangementskomité som tek seg av turar, dagsturar eller 3-5 dagars turar.

I håp om at einslige eldre eller andre fattear interesse for Os Pensjonistforening etter desse opplysningane, sluttar eg hermed av, og takkar for merksemda.

Knut M. Prestvold


Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut