E39 er ein hovudveg på Vestlandet som skal ha motorvegstandard. I staden for å polemisera med at det kun vert avkøyring ved Svegatjørn, burde Kristian Strønen vera strålande nøgd med det Høgre og Frp har fått gjennomslag for ovanfor sentrale myndigheiter.
E39 er ein hovudveg på Vestlandet som skal ha motorvegstandard. I staden for å polemisera med at det kun vert avkøyring ved Svegatjørn, burde Kristian Strønen vera strålande nøgd med det Høgre og Frp har fått gjennomslag for ovanfor sentrale myndigheiter.

Lesarbrev: Ei viktig avklåring for Bjørnafjorden kommune - svar til Kristian Strønen

Bru-prosjektet berører no minimalt med landareal, går rett inn i tunnel ytst på Røtinga og plasserer kommunen sentralt mellom Bergen, Stord/Haugesund og Stavanger uten at motorvegen legg beslag på areal eller gir større barriereverknad enn dagens veg Moberg-Svegatjørn.

Ikkje mindre en tre statsrådar var sist veke på fjorden og presenterte deira vedtak på kommunedelplanen og gav samstundes si begrunning for å prioritera Hordfast! Dei trakk fram at det er Noregs mest samfunnsøkonomisk lønnsomme veiprosjekt som vil bety enormt for vår region, for Vestlandet og for Noreg! Vedtaket betyr at trasèen no er endelig fastlagt og reguleringsplanarbeidet kan starta for fullt.

Kristian Stønen og andre tolkar imidlertid dette som ei opning for å endra trasèen om Fusa. Han argumenterer med at fartsgrense i tunnelen til Rådal er satt ned og at litt utsett veibygging på Stord gjer indre trasè er meir konkurransedyktig. Det er eg ueinig i.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vert aldri informert om at indre trasè, som er ca 23 km lenger, også må ha 4 store 4-felts bruer og at 40 % av trasèen må byggjast med 4-felts tunellar. Linjeføringa vil likevel berøra om lag 200 bygningar og mykje dyrka mark. Kvifor høyrer vi aldri om dette fra Strønen og hans meiningsfeller?

Statens Vegvesen har også nylig gjort ei ny kalkyle for indre trase og konkluderer med ca 40 mrd.

E39 er ein hovudveg på Vestlandet som skal ha motorvegstandard. I staden for å polemisera med at det kun vert avkøyring ved Svegatjørn, burde Strønen vera strålande nøgd med det Høgre og Frp har fått gjennomslag for ovanfor sentrale myndigheiter. Ja, det vil verta endringar der brua kjem i land på Røtinga, men eg er imponert over min ordførarkandidat, Marie Bruarøy, som har stått på for å påverka det ho har kunna for redusera store naturinngrep som låg til grunn i alternativet om dagløysing. Prosjektet berører no minimalt med landareal, går rett inn i tunnel ytst på Røtinga og plasserer kommunen sentralt mellom Bergen, Stord/Haugesund og Stavanger uten at motorvegen legg beslag på areal eller gir større barriereverknad enn dagens veg Moberg-Svegatjørn.

I Nasjonal Transportplan (NTP) er E39 mellom Stavanger og Bergen planlagt heilt ferdigstilt innan 2035, også motorvegen mellom Rogfast og Hordfast. Då får vi full uttelling for fjordkryssingane og Vestlandet oppnår den konkurransekrafta vi må ha for å ta opp kampen med Austlandet om kompetanse, arbeidsplassar og busetjing. Det er i dette perspektivet dette vedtaket er viktig og særs gledeleg.

Susanne Sperrevik

Leiar

Bjørnafjorden Høgre