annonse

Lesarbrev: Eigedomsskatten i Fusa skal vekk frå dag éin

: ( (Foto: Bjørnafjorden FrP)

Etter FrPs syn er eigedomsskatt ein usosial dobbeltskatt som råkar folk flest utan at den tek omsyn til folks inntekt og betalingsevne.

Benjamin Søgnen Olsen

Allereie på Bjørnafjorden FrP sitt stiftingsmøte 8. november 2018 vart eigedomsskatten i Fusa kommune drøfta. I intensjonsavtalen mellom Os og Fusa er det slått fast at den nye kommune ikkje skal ha eigedomsskatt. Etter FrPs syn er eigedomsskatt ein usosial dobbeltskatt som råkar folk flest utan at den tek omsyn til folks inntekt og betalingsevne.

Skattelette på 15 millionar kroner

Bjørnafjorden FrP slo difor fast at eigedomsskatten i Fusa skal fjernast allereie frå samanslåingstidspunktet 1. januar 2020. Vi kunne ikkje sjå at det var aktuelt med noko overgangsordning med gradvis nedtrapping av eigedomsskatten i Fusa. Seinare har Fellesnemnda i Bjørnafjorden samrøystes slått fast at dei rår til at eigedomsskatten vert fjerna frå dag ein.

Os kommune har aldri hatt eigedomsskatt, og frå det tidspunkt Os og Fusa vert ein kommune skal alle innbyggjarane handsamast likt. I praksis vil dette gje ei skattelette på ca. 15 millionar kroner til næringsliv og privatpersonar i Fusa.

Solide overskot i Os – utan eigedomsskatt

Sjølv om Os kommune ikkje har hatt eigedomsskatt har tenestetilbodet i kommune vore godt. Primærtenestene barnehage, skule, helse og omsorg har vore prioritert. God økonomistyring og effektiv tenesteproduksjon har også gjeve rom for investeringar i tilbod som Osbadet og Oseana kunst- og kultursenter. Og kommunen har gått med solide overskot dei siste åra.

43 delprosjekt i administrasjonen

Bjørnafjorden FrP er tydeleg på at alle innbyggjarane i nye Bjørnefjorden kommune skal ha likeverdige tenester. Vi vil difor arbeida for harmonisering av tenestetilbodet på begge sider av fjorden fram mot samanslåinga. Arbeidet er godt i gang gjennom dei 43 delprosjekta som administrasjonane i Os og Fusa no har etablert for å sikra ei vellukka samanslåing.

Handlingsrom for å finna praktiske løysingar

Bjørnafjorden FrP vil gje ros til alle medarbeidarane i begge kommunar som no arbeider knallhardt både med samanslåinga og den løpande tenesteproduksjonen i kvar av kommunane. Dette er krevjande, men vi opplever at motivasjonen for å lukkast er stor. Ein viktig suksessfaktor i dette arbeidet er eit velfungerande trepartssamarbeid mellom tillitsvalde, administrasjonen og politikarane. FrP set dette samarbeidet høgt. Politikarane skal setja rammer og mål for arbeidet, men vi er alle best tent med at dei som «har skoen på» får handlingsrom til å finna dei beste praktiske løysingane.

Ny teknologi avgjerande for suksessen

Vår ambisjon er klår; – med kompetente og myndigjorte medarbeidarar skal vi skapa ein moderne og attraktiv ny kommune. Ny teknologi og god leiing vert avgjerande for suksess. Vi ser gler oss til det vidare arbeidet – for folk flest i Bjørnafjorden kommune.

Bjørnafjorden FrP

Terje Søviknes

Magne Djuvik

Gustav Bahus

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut