Ungdomen og folk som jobbar med ungdom i bygda – samstemmer om at dei treng ein plass å vera. Vi har jo Fjellheim!
Ungdomen og folk som jobbar med ungdom i bygda – samstemmer om at dei treng ein plass å vera. Vi har jo Fjellheim!

Lesarbrev: Eit stort hus med med konsertscene, musikkstudio………

Er det heilt umogleg for politikarane å sjå realitetane – at Fjellheim er det mest høvelege anlegget som finst i sentrum?

Nytilsett SLT-koordinator i kommunen – referer til imponerande satsing i Drammen på førebyggjande tiltak for ungdom. Ho har i haust diskutert saka med mange grupper og instansar i Os – og har mange tankar omkring temaet. Vi veit at det trengst å leggja til rette for eit betre aktivitetstilbod for ungdom - og ein uformell møteplass.

Dei treng ein plass å vera!

Ungdomen og folk som jobbar med ungdom i bygda – samstemmer om at dei treng ein plass å vera. Stort nok til at fleire forskjellige tilbod om aktivitetar kan vera tilstades – slik at det kan myldra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men vi har jo eit stort hus - Fjellheim!

Eit einstemmig vedtak om sal – for mange år sidan – og stor tru på at Oseana skulle gje plass til alle dugnads-kulturen i Os – har vist seg umogleg. Ungdomstiltaka som har gått føre seg i Fjellheim opp gjennom åra – vart det vel ikkje funne ny tilhaldsplass til?

Er det heilt umogleg?

Er det heilt umogleg for politikarane å sjå realitetane – at Fjellheim er det mest høvelege anlegget som finst i sentrum?

Ja, Fjellheim har vorte vanstelt dei siste åra. Avstengt bygg som ikkje er i bruk – fører til forfall. Dette er allment kjent!

Dei folkevalde i kommunen må sjå sitt ansvar og sørgja for opprusting av Fjellheim-anlegget – slik at ungdomen har ein plass å møtast.

Det er ikkje for seint å redda Fjellheim – og inga skam å bruka sunn fornuft!

Mette Samdal