Ved å ta i bruk maskinlæring, tingenes internett og andre framtidsretta løysingar, kan me minske byråkrati, samt omdisponera midlar til helse, omsorg og oppvekst.
Ved å ta i bruk maskinlæring, tingenes internett og andre framtidsretta løysingar, kan me minske byråkrati, samt omdisponera midlar til helse, omsorg og oppvekst.

Lesarbrev: Framtidsretta Bjørnafjord

Bjørnafjorden Senterparti vil jobba for å ta i bruk ny teknologi for å få betre tenester og innsparingar i kommunen vår.

Ved å ta i bruk maskinlæring, tingenes internett og andre framtidsretta løysingar, kan me minske byråkrati, samt omdisponera midlar til helse, omsorg og oppvekst.

Kva betyr maskinlæring?

- Maskinlæring er å læra datamaskiner automatisk å kjenna igjen komplekse mønster frå tilsendt/innhenta data, for så å̊ gjera intelligente beslutningar basert på desse mønstra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva tyder tingenes internett?

- Tingenes internett er eit nettverk av sensorar som gjer ordinære gjenstandar (og i visse høve menneskjer) i stand til å senda inn data, som så kan behandlast med maskinlæring.

Eit eksempel er fallsensorar som mange eldre har. Desse er ein del av tingenes internett. Eit anna er å plassera sensorar i kummer slik at ein kan få beskjed om desse er tett. Kombinert med maskinlæring kan me få prognosar på når dei går tett og vedlikehaldsbehovet, ved hjelp av for eksempel innhenta verdata.

Det å kombinera sensorar og maskinlæring kan brukast i eit vidt spekter frå eldreomsorg, planleggingsprosessar, overvaking av vassforsyning og avfallshandtering til oversikt over korleis folkemengder beveger seg, automatiske inndelingar av klassar og mykje anna. Berre fantasien set grenser.

Nokre slike sensorar og system finst allereie i kommunen vår, det å automatisere heile prosessen med maskinlæring er Bjørnafjorden Senterparti sin langsiktige draum. Dette er noko vår kommune ikkje klarar åleine. Me treng «digitale sandkassar» der me kan leika, testa og utvikla nye system i samarbeid med andre kommunar.

Dette vil me oppnå̊med å jobba for eit digitaliseringsutval som aktivt arbeidar for å laga Noregs smartaste kommune.

Peter-Hans de Zwarte

7. kandidat

Bjørnafjorden Senterparti