Det nyttar ikkje å skulde på dei tilsette for posisjonens manglande rolleforståing. Dei folkevalde som arbeidsgjevarar må først feie for eiga dør.
Det nyttar ikkje å skulde på dei tilsette for posisjonens manglande rolleforståing. Dei folkevalde som arbeidsgjevarar må først feie for eiga dør.

Lesarbrev: Frp og Høgre sviktar totalt sitt arbeidsgjevaransvar

Kommunalsjef Aina Tjosås sa opp på dagen, trass i at ho likte arbeidsoppgåvene sine svært godt og nyleg vart tilsett som kommunalsjef i Bjørnafjorden kommune. Det kan jo verka irrasjonelt, om ein ikkje kjenner heile historia.

I formannskapsmøtet tysdag, 30. april, spurte eg om nokon har vore misnøgd med kommunalsjef Aina Tjosås eller plansjef Tina Sinclair. Har dei avgåtte leiarane misforstått rollene sine eller gjort eit dårleg arbeid?

Ordføraren svarte (minutt 35:30 i video frå sak 39/2019 i gårsdagens møte): «Ingen såvidt meg bekjent som har stilt det i tvil nokon gong. Det er godt handtverk, akkurat som det skal vera, faglige gode tilrådingar». Eg kan sjølv legge til at kommunen med Aina Tjosås i spissenvann pris for effektivt og godt planarbeid tidleg i juni 2018.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg undra meg stort over Søviknes sitt svar. Han veit nemleg svært godt at politikarane fra Frp/Høgre i Plan- og Bygningsutvalet (PBU) ikkje har hatt tillit til kommunalsjef Aina Tjosås og plansjef Tina Sinclair på lang tid.

Like etter prisutdelinga i juni 2018 fann det stad ei hending i PBU. Kort fortalt var temperaturen svært høg i utvalet, og mot slutten av møtet vart det så ampert at Aina Tjosås og Tina Sinclair gjekk frå møtet, sjølv om møtet enno ikkje var formelt avslutta.

Diverre har vi ikkje video frå dette møtet fordi Frp/Høgre i mange år har motsett seg gjentekne forslag frå både Dei Grøne og andre parti om å sikra løysingar for dette.

Etter dette møtet skreiv Frp/Høgre eit brev til rådmannen der dei eksplisitt forklarer at dei ikkje har tillit til desse to tilsette. Kopi av brevet er sendt til Os & Fusaposten. Det tok fleire månader før eg fekk innsyn i brevet, og leiar av Plan- og bygningsutvalet, Gustav Bahus, prøvde å hindre at eg fekk denne kopien.

Utvalsleiar Bahus var i fjor sommar tydeleg på at han ønskte at Aina Tjosås skulle ut av kommuneadministrasjonen. I brevet skriv dei folkevalde mellom anna at «Begge ovenfornevnte fra administrasjonen må få advarsler av sterkeste karakter.» Difor er det rart å lesa i tysdagens avis at han no seier at han ikkje kjenner seg igjen i manglande tillit og at han seier det er trist at Tjosås og Sinclair sluttar (Sjå eigne saker for tilsvar).

Den korte forklaringa på situasjonen er at fleirtalet i PBU ønsker at innstillingane i sakene som kjem frå administrasjonen til PBU skal vera meir etter deira politiske vilje. Posisjonen har forsøkt å instruere dei tilsette om korleis administrasjonen skal sjå bort frå eigen fagleg integritet og såleis ønsker Frp/H å førehandspåverke sakene før dei kjem til politisk handsaming. Det har vore sterkt press på dette over lang tid, og fleire tilsette har vorte sjukemelde av å stå i spennet mellom faglegheit og presset frå posisjonen.

Frp/Høgre prøver å underbygga sin kritikk med at administrasjonen ikkje må bli politisk og gå imot Frp og Høgre sin politikk. Men tvert imot er signala Frp/H sender at dei faktisk arbeider for å få ein politisk farga administrasjon, men han må vera blåblå.

I brevet frå juni KREV også Frp/Høgre-fleirtalet i PBU unnskyldningar utan atterhald frå begge dei tilsette, samt at administrasjonen SKAL framsnakke PBU internt og eksternt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Framleis, på tross av direkte spørsmål i formannskapet både tidlegare i lukka møte og i går, så finn eg ingen teikn til sjølvkritikk frå den politiske leiinga. Det er Frp/Høgre sine medlemmer som ikkje har forstått kor grensene går mellom politikk og administrasjon. Det er leiar av utvalet, Gustav Bahus, samt ordførar Terje Søviknes, som har det formelle ansvaret, men det var kommunalsjefen som til slutt sa opp jobben sin på dagen utan noko anna å gå til.

I kommunelova §23-2 om rådmannen sine oppgåver og mynde står det at administrasjonssjefen skal sørge for at saker er forsvarleg utgreidd og at administrasjonen blir drive i samsvar med lover, forskrifter og overordna instruksar. Administrasjonen skal sørge for at sakene er forsvarleg utgreidd før dei vert sende til handsaming. Politikarane skal bestemme gjennom ein opplyst debatt. Deretter skal administrasjonen følge politisk instruks. Politikarane i Os kommune kan ikkje stille seg midt i saksførebuinga og insistera på å ta ei retning som er på kollisjonskurs med nettopp lover, forskrifter og overordna instrukser.

Eg er ikkje er bekymra for Tjosås og dei andre tilsette som har forlate kommunen. Dei er flinke folk som kjem til å klare seg utmerka andre stader. Det eg er bekymra for er kommunen. Korleis skal vi klare å gjennomføre oppgåvene våre i tråd med lova når vi skremmer vekk dei som kan og vil gjere nettopp det? Korleis skal vi overhalde fristene når vi ikkje klarar å ta vare på dei tilsette? Og korleis har det utvikla seg ein slik ukultur i det politiske miljøet i Os?

I dag er det 1. mai - arbeidarane sin internasjonale kampdag (sjå presisering under av publiseringstidspunkt). Det siste året, og truleg endå lenger, har fleirtalet av dei folkevalde i Os ikkje teke sitt arbeidsgjevaransvar på alvor.

Varaordførar Marie Bruarøy seier dette i stor grad er eit kommunikasjonsproblem. Det er ikkje rett. Grunnårsaken er eit rolleavklarings- og leiarproblem på politisk nivå. Vi har mista minst to svært kompetente tilsette på grunn av dette, og rabalderet er ikkje over.

Det ligg no svært mykje press på heile organisasjonen, og vi har ei kommunereform som krev ekstra mykje over fleire år. Det er svært uheldig at presset på våre tilsette er så høgt som det er no. Eg uroar meg for helsa til både rådmann og andre tilsette. Dette har eg varsla ved fleire høve både i formannskap, i kommunestyre og i fellesnemnda. Det var kanskje rett avgjerd av kommunalsjefen å seie opp slik stoda har blitt no, men kven skal ta ansvar for at vi hamna i denne situasjonen?

Rådmannen svarte meg i møtet tysdag at han var mest uroa for omdømme i denne saka. Eg er også uroa for omdømme, men eg er endå meir uroa over arbeidstilhøva. Dette blir ikkje betre utan at nokon høgt og tydeleg seier ifrå. Først då kan vi starte å handsama problema og ikkje berre problemsymptoma.

Det nyttar ikkje å skulde på dei tilsette for posisjonens manglande rolleforståing. Dei folkevalde som arbeidsgjevarar må først feie for eiga dør. Til det treng vi andre politiske kostar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heldivis er det val allereie i september i år.

Nils-Anders Nøttseter

Ordførarkandidat for Miljøpartiet Dei Grøne og politisk vaktmeister

Ps: Dette lesarbrevet skulle vore på trykk 1. mai, men dette let seg ikkje gjera frå avisa side grunna oppfølging av det som kjem fram i lesarbrevet .