annonse

Lesarbrev: Gode drosjetilbod i byane og i distrikta - svar til Os taxi

Heilt feil
Heilt feil: I Os & Fusaposten 8. mars skriv Tor Anders Hauge frå avdeling Hordaland at vi no legg opp til eit lausarbeidarsamfunn og sosial dumping. Dette er heilt feil. (Foto: Bjørn Inge Bergestuen)

Samferdselsminister Jon Georg Dale svarer Tor Anders Hauge og Os taxi, og hevdar påstand er heilt feil.

Drosjenæringa er i endring enten vi vil det eller ikkje. Ny teknologi har endra folks forventningar til drosjetilbodet, omsetninga i drosjenæringa går nedover, og nye bildelingstenester vil over tid gi den vanlige taxien auka konkurranse. Difor er det viktig at vi no ser på korleis vi kan legge betre til rette for ein velfungerande drosjemarknad.

Nyleg hadde regjeringa forslag til nytt drosjeregelverk på høyring, og vi ventar å kunne leggje fram nye reglar for Stortinget før sommaren. Dette har medført ein del reaksjonar, mellom anna frå Norges Taxiforbund. I Os & Fusaposten 8. mars skriv Tor Anders Hauge frå avdeling Hordaland at vi no legg opp til eit lausarbeidarsamfunn og sosial dumping. Dette er heilt feil.

Vi skal ikkje ha eit frislepp av drosjenæringa, eller fjerne reguleringane. Det vil ikkje vere fritt fram for alle med ein bil å få drosjeløyve, som Norges Taxiforbund påstår. Vi vil oppretthalde kravet om løyve. Og for å få eit løyve, må den som søkjer også oppfylle fleire krav, som mellom anna god vandel. Vi vil også ha strengare krav til bilførars fagkompetanse.

Eg har vore oppteken av at det framleis skal være gode drosjetilbod i distrikta. Fylkeskommunane skal difor kunne gje einerettar til enkelte aktørar. Denne eineretten vil på mange måtar fungere slik som behovsprøvinga gjer i dag. Lokale styresmakter vil slik ha gode verkty for å sikre eit tilfredsstillande drosjetilbod utanfor dei store byane.

Det vil også stillast krav til sikkeheit for køyretøyet. Vi vil med andre ord ikkje gjere det fritt fram for alle med ein bil til å kunne køyre drosje.

Vi kjem ikkje unna endringane som skjer i drosjenæringa. Vi ønskjer større konkurranse i byane og moglegheit for bruk av ny teknologi, samtidig som vi sikrar tilbodet i distrikta. For å oppnå dette må vi syte for at dei som vil bruke taxien faktisk bruker dette i den regulerte delen av næringa. Med forslaget til nytt regelverk legger regjeringa til rette for nettopp det.

Jon Georg Dale

Samferdselsminister

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut