Vi kan gjerne vera ueinige i innstillingane frå administrasjonen, og vi er ofte ueinige med dei andre partia sin politikk, men vi respekterer at vi er ueinge, og fattar vedtak som vi meiner er til det beste for våre innbyggjarar.
Vi kan gjerne vera ueinige i innstillingane frå administrasjonen, og vi er ofte ueinige med dei andre partia sin politikk, men vi respekterer at vi er ueinge, og fattar vedtak som vi meiner er til det beste for våre innbyggjarar.

Lesarbrev: Høgre er eit ansvarleg parti!

La det ikkje vera tvil om at vi i Høgre har stor respekt for dei dyktige tilsette vi har i organisasjonen, og deira faglege kompetanse, skriv varaordførar Marie E. Bruarøy.

Slik oppfattar vi oss sjølve, og slik ynskjer vi at innbyggjarane òg skal sjå på oss. I fleire artiklar, intervju og lesarinnlegg den siste tida, har fleire nytta negative ord som «dårlege haldningar» og «ukultur» når dei omtalar Høgre. Det kjenner vi oss ikkje att i, og ynskjer å ta til motmæle.

Våre to representantar i Plan- og bygningsutvalet (PBU), og resten av Høgre sine folkevalde i Os, har alltid hatt eit sunt forhold til administrasjonen sågar politikarar frå andre parti. Vi kan gjerne vera ueinige i innstillingane frå administrasjonen, og vi er ofte ueinige med dei andre partia sin politikk, men vi respekterer at vi er ueinge, og fattar vedtak som vi meiner er til det beste for våre innbyggjarar. Det gjer alle parti. Til tider har vi òg anna syn på politikken lokalt enn det vårt moderparti sentralt har, men det er jo det som er politikk; å påverka og utfordra for å forbetra.

Artikkelen held fram under annonsen.

At tonen i PBU til tider kan vera hard, er kjend, og noko av forklaringa på det er at det er her dei politiske skiljelinene oftast kjem til syne – i arealpolitikken. Då har alle eit ansvar for å halda debatten på eit sakleg nivå, uansett parti, og eg tør påstå at det ikkje nødvendigvis er Høgre sine representantar som bidrar mest til ein oppheita debatt.

Det er korrekt at dei to representantane våre i PBU var medforfattarar i det mykje omtala brevet til rådmannen i juni i fjor. I ettertid erkjenner dei at brevet burde vert skrive i ei anna form, men dei står ved at det vart skrive. I første møte i PBU etter ferien, skværa ein opp i det som hadde hendt, og eg opplever oppriktig at denne hendinga la ein bak seg frå alle hald. At kommunalsjefen ikkje lenger arbeider i Os kommune, er eit tap på mange måtar, då ho har vist stor innsats og styrke i det arbeidet ho har gjort. Men slik er situasjonen blitt, og då må vi gjera det beste vi kan med dei ressursane vi har.

«Det er nok no» skriv KrF i eit lesarinnlegg. Det synest vi i Høgre òg. Det handlar ikkje om å dekka over ein ukultur eller å fråskriva oss ansvar, men vi vil koma vidare. Vi vil no retta fokus mot arbeidstilhøva til dei tilsette, og sørga for at dei har rammer som gjer at dei har tid til å gjera arbeidet. La det ikkje vera tvil om at vi i Høgre har stor respekt for dei dyktige tilsette vi har i organisasjonen, og deira faglege kompetanse. Vi kjem sikkert i framhaldet til å vera ueinige med tilrådingar frå administrasjonen, men dèt handlar om politikk og prioriteringar, og aldri om manglande respekt for den enkelte tilsette.

Vi ser fram til å ha eit profesjonelt og sunt forhold til administrasjonen også i framtida, og vi skal gjera vårt for byggja tillit på tvers.

No løftar vi blikket mot ein valkamp som handlar om politiske prioriteringar innan oppvekst, helse og omsorg, næring, samfunnsutvikling og andre viktige saker for Bjørnafjorden. Vi har ei liste med dyktige sambygdingar som ynskjer å vera med på å byggja den nye kommunen. Vi gler oss til ein respektfull og sakleg debatt.

Marie E. L. Bruarøy

Ordførarkandidat

Bjørnafjorden Høgre