Den politiske leiinga i kommunen har ikkje pressa fram kommunalsjef Aina Tjosås sin avgang. Denne saka er ikkje eit utslag av ukultur, slik det vert hevda.
Den politiske leiinga i kommunen har ikkje pressa fram kommunalsjef Aina Tjosås sin avgang. Denne saka er ikkje eit utslag av ukultur, slik det vert hevda.

Lesarbrev: Ja, det er nok no

I eit lesarbrev i Os & Fusaposten 27. mai kjem Jakob Enerhaug (KrF) med harde åtak mot Frp og Høgre i Os kommune. Diverre er lesarbrevet skrive på feile premissar.

Den politiske leiinga i kommunen har ikkje pressa fram kommunalsjef Aina Tjosås sin avgang. Denne saka er ikkje eit utslag av ukultur, slik det vert hevda.

Rollene i den kommunale forvaltninga er klåre. Politikarane har det overordna arbeidsgjevaransvaret. Men kommunestyret tilsett berre rådmannen, og har dermed berre det direkte personalansvaret for denne funksjonen. For alle andre tilsette i kommunen er det rådmannen, og dei han delegerer mynde til, som har personalansvaret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Difor vart det mykje omtala notat frå Frp og Høyre sin medlemmar i Plan- og bygningsutvalet (PBU) frå juni i fjor sendt som ei innspel til rådmannen. Innspelet vart skrive som ein reaksjon på at kommunalsjefen, som rådmannens representant, hadde gått frå eit lovleg sett møte i PBU. Dette er prinsipielt ikkje greitt. I ettertid ser ein at ordlyden i brevet med fordel kunne vore annleis, men Frp og Høyre sine representantar står ved at innspelet vart sendt. Alle aktørane la imidlertid hendinga bak seg i første PBU-møte etter ferien i fjor. Det vart dermed satt punktum for den saka over sju månader før kommunalsjefen sin avgang.

Dei siste vekene har eg sagt at eg korkje kan eller vil kommentera bakgrunnen for kommunalsjefen sin avgang i media. Det er ei sak mellom kommunalsjefen og rådmannen, men når det kjem skuldingar som i lesarbrevet frå Enerhaug, vil eg gje klårt uttrykk for at avgangen no ikkje er eit resultat av politisk press. Slikt driv vi ganske enkelt ikkje med.

I Frp er vi opptatt av å ha respekt for kvarandre sine roller i den kommunale organisasjonen. Administrasjonen skal leggja fram faglege tilrådingar, og dei folkevalde skal gjera vedtak i sakene. Det er dette som er demokrati og folkestyre.

Av og til vert det avvik mellom den administrative tilrådinga og det politiske vedtaket. Ofte er det også usemje politikarane i mellom, og vi får voteringar i det politiske utvalet. Spesielt gjeld dette i arealsaker då Plan- og bygningslova i stor grad opnar for skjønn. Uansett skal vi ha respekt for kvarandre. Det gjeld politikarar og parti imellom, og politikarar versus administrasjonen.

I det store og heile opplever eg at dialogen mellom politikarar frå ulike parti, og mellom politikarar og administrasjonen, er svært god i Os kommune. Ofte har t.d. 3-partssamarbeidet mellom politikk, administrasjon og tillitsvalde vore trekt fram som ein av dei viktigaste suksessfaktorane til kommunen. Slik skal det òg vera. Vi er i ulike roller, men har det same oppdraget; å forvalta fellesskapet sine ressursar til det beste for innbyggjarane i Os.

Det er imidlertid vel kjent at det til tider har vore høg temperatur i PBU-møta, og ved nokre høve har både eg og fungerande ordførar Marie Bruarøy kalla inn enkeltrepresentantar til samtalar. Dette har vore representantar frå både posisjonen og opposisjonen. Vi har då vore tydeleg på kommunens sine etiske retningslinjer, og påtala negativ språkbruk og oppførsel. Vi har alle eit ansvar for eit godt kollegialt arbeidsmiljø, og vi politikarar har eit særskilt ansvar overfor dei tilsette. Det ansvaret tek vi.

Det er no vår jobb å bidra til at alle tilsette, og spesielt tilsette innan plan- og byggesak, får tryggleik og ro til å gjera jobben sin. Vi har dyktige og kompetente medarbeidarar som kvar dag strekkjer seg ekstra for å gjera lokalsamfunnet og kvardagen vår i Os endå litt betre. Ein fortsatt partipolitisk diskusjon i media knytt til enkelttilsette tenar ingen, aller minst den kommunale organisasjonen.

Ja, det er nok no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Terje Søviknes

Ordførar

Frp

jostein@osogfusa.no