Det er truleg ikkje noko anna som har drepe så mykje motivasjon hos elevar opp gjennom åra som nettopp lekser.
Det er truleg ikkje noko anna som har drepe så mykje motivasjon hos elevar opp gjennom åra som nettopp lekser.

Lesarbrev: Ja til leksefri skule!

Eit nytt skuleår står for døra. I løpet av det kommande skuleåret vil elevane læra mykje nytt og dei vil få mange gode opplevingar. Men mange vil dessverre også få dårlege opplevingar.

Følelsen av manglande meistring, utilstrekkelegheit, dårleg samvit og vondt i magen. Mange foreldre vil også få dei same følelsane, og ofte er det barnas lekser som er årsaka.

Forsking viser frå null til minimal læringseffekt ved lekser. For å læra treng elevane vera motiverte, og dei må ha overskot til å ta i mot ny lærdom. Det er truleg ikkje noko anna som har drepe så mykje motivasjon hos elevar opp gjennom åra som nettopp lekser. For å hjelpa med lekser må foreldre ha kunnskap i dei spesifikke faga. Ofte skal ein ikkje langt opp i skuletrinna før mange foreldre opplever det som svært krevjande. Foreldre som skal hjelpa må også vera motiverte og ha overskot. Etter ein lang arbeidsdag er det langt frå alle foreldre som har overskot til å ta kampen om leksene.

Artikkelen held fram under annonsen.

For mange familiar er dette ei klassisk kjelde til konflikt, medan andre foreldre har overskot til seine kveldar med sjølvstudium av pensum, slik at dei kan hjelpa sine håpefulle med skulearbeidet. Konsekvensen er at lekser bidreg til å forsterka sosiale forskjellar i samfunnet. Slik bør det ikkje vera.

Fleire skular rundt om i landet prøver no ut leksefri. Digermulen skule i Lofoten har halde på lengst. Dei har vært leksefri sidan år 2000. Rektor Gunnar Aarstein meiner at den viktigaste funksjonen lekser har er å skapa skuletaparar. I 2014 uttalte han følgjande til Aftenposten: ”Det viser seg at våre elever gjør det betydelig bedre enn gjennomsnittet i Vågan kommune, Nordland fylke og Norge for øvrig. Slik har det vært de siste fem årene. Jeg var overrasket over at resultatene var såpass tydelige. Det viser at vi har rett i det vi gjør.”

Vidare seier han: ”Det er himmelvid forskjell på oss og mange andre skoler når det gjelder trivsel, motivasjon og arbeidsvaner. Elevene er veldig godt motivert, jobber hardt og har et veldig godt forhold til lærerne. Det er det viktigste når ungene skal lære. Det er ikke alle unger og foreldre som greier å forstå alle lekser. De som sliter og har foreldre som ikke greier å hjelpe dem har mye dårligere forutsetninger enn andre. Da ser vi ikke hensikten med lekser.”

Bjørnafjorden Arbeidarparti meiner at skulen skal bidra til å utjamna sosiale forskjellar – ikkje forsterka dei. Vi vil at alle elevane skal oppleva trivsel, motivasjon og meistring i skulen. Då lærer og utviklar elevane seg best. Derfor vil vi jobba for leksefri skule i Bjørnafjorden kommune.

Gisle Hesjedal

Kommunestyremedlem i Os

Bjørnafjorden Arbeidarparti