Kvaliteten på maten, korleis den vert servert og tilpassa den enkelte sitt behov og ynske, må vera hovudsaka, ikkje kvar maten vert laga.
Kvaliteten på maten, korleis den vert servert og tilpassa den enkelte sitt behov og ynske, må vera hovudsaka, ikkje kvar maten vert laga.

Lesarbrev: Kjøkken på Luranetunet?

Kvaliteten på maten, korleis den vert servert og tilpassa den enkelte sitt behov og ynske, må vera hovudsaka, ikkje kvar maten vert laga, skriv Bjørnafjorden Senior Høgre.

Måltid kan være dagens høgdepunkt for bebuarar på institusjon og må prioriterast høgt.

Dersom det er utfordringar ved Luranetunet, når det gjeld matserveringa, må ein fokusera på tilleggskompetanse om korleis maten bør/skal tilberedast og tilpassast den enkelte bebuar. Dei positive måltidsopplevingane må skapast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilsetjing av ein matkyndig person ved Luranetunet kan då vera til stor hjelp for å gje naudsynt opplæring til dei på avdelingane som lagar til og serverer maten.

Målet med denne opplæringa kan då vera at kvar avdeling og kvar vakt, skal ha ein ansvarleg og oppdatert person for optimal tilbereding og klargjering av mat; spesielt med tanke på servering av middag.

Naturleg er det og at det må vera tilstrekkeleg bemanning slik at dei som treng det får naudsynt tilsyn og hjelp under sjølve måltidet: La sjukepleiarar utøva SITT fag og la andre hjelpa til under måltida.

Ta også bebuarar og pårørande med på råd når meny skal setjast opp.

Valfridom og brukarmedverknad bør vera eit utgangspunkt i kvardagen på Luranetunet.

Ernst Hoff

Leiar

Bjørnafjorden Senior Høgre