Vi kan ikkje rasera verneverdige område for å få ein 4-feltsveg mellom Stord og Bergen.
Vi kan ikkje rasera verneverdige område for å få ein 4-feltsveg mellom Stord og Bergen.

Lesarbrev: Kommuneval er eit spennande personval

Kommuneval er eit val der du stemmer på dei personane du har tillit til og som vil ta opp dei saker som er viktige for deg. Brusaka er ei viktige sak for meg ved dette valet.

Eg seier nei til bru over vår vakre Bjørnafjorden. Det er skrikande behov for betre vegar inn forbi fjorden, og dei kan bli utbetra med gul midtstripe til mykje lavare kostnader enn ei gigantbru over fjorden. Treng vi ein 4-feltsveg mellom Stord og Bergen?

Å byggja gigantbrua er ein katastrofal miljøskandale. Kor mykje betong og stål må produserast for at verdas største flytebru skal bli ferdig? Kor mykje støy vil det bli ved utkøyring frå tunnel under Søre Øyane - i Øyane og inne på Kuventræ? Må det byggjast ei bru til over Ulvenvatnet? Mange fleire spørsmål kan stillast her.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det aller verste er truleg raseringa av sjeldan regnskog og myrområde på Reksteren – tusen år gamle område som aldri kan bli erstatta. Vi kan ikkje rasera verneverdige område for å få ein 4-feltsveg mellom Stord og Bergen.

Nylaga middag og velsmakande lunsj

Å ha gode og mange nok vaksne i skulen for å skapa eit godt læringsmiljø for våre born og barneborn, er ei svært viktig sak for meg. Det vil eg jobba for.

Vi skal også ta godt vare på dei gamle og andre som bur på våre institusjonar. Det skal serverast mat der som er laga på eige kjøken av gode kokkar. Skulle vi ikkje unna våre eldre ein nylaga middag og ein velsmakande lunsj som er laga på kjøkenet der? Det er desse eldre som har jobba hardt i mange år før oss for å byggja det trygge og gode samfunnet vi har i Noreg i dag.

Og det aller viktigaste våre nye kommunepolitikarar må gjera etter valet, det er å byggja saman Os og Fusa til ein god kommune for alle som bur her: Bønder og fiskarar, noverande og nye næringsdrivande, tilsette i privat og kommunal sektor, alle som bur i vår nye storkommune.

Ein god stad å veksa opp i og ein god stad å leva.

Vår Bjørnafjorden kommune skal bli ein Ja-kommune der alle som bur her med handa på hjarta kan seia: JA, her vil eg bu!

Godt val.

Astrid Dale

2.kandidat

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden Venstre