Fleirbrukshallen skal vera ein aktivitetsarena for absolutt alle. Då kan det ikkje vera slik at dei som blir køyrde/køyrer elektrisk rullestol må halda seg til første høgda i hallen. Skal dei ikkje kunna vera tilskodarar på tribunen?
Fleirbrukshallen skal vera ein aktivitetsarena for absolutt alle. Då kan det ikkje vera slik at dei som blir køyrde/køyrer elektrisk rullestol må halda seg til første høgda i hallen. Skal dei ikkje kunna vera tilskodarar på tribunen?

Lesarbrev: Korleis har me enda opp med ein fleirbrukshall som ikkje er for alle? Svaret er enkelt

Svaret på spørsmålet ditt, høgrepolitikar i Fusa, er enkelt: Så lenge ikkje dei høge herrar, byggherre, byggjekomite, administrasjon og politikarar kan høyra på fagfolk innan helse, brukargrupper og representantar for brukargruppene, vil slikt skje i dei komande år og.

For bortimot 30 år sidan stod Holmefjord skule ferdig. Det måtte ei ganske stor ektraløyving til for å gjera skulen brukande for menneske med nedsett funksjonevne, alt første året.

I etterkant av dette vart det bestemt at i alle byggjekomitaer i Fusa, skulle det vera ergoterapeut.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg var i mange år med i byggjekomitear i kommunen då eg var i stillinga. Eg prøvde etter beste evne å vera vaktbikkje for at prosjekta skulle bli mest mogleg funksjonelle for brukargruppene.

Å fylgja byggjeforskrifter og TEK10 er ikkje alltid nok, når det er snakk om bygg til multifunksjonhemma. Ein heis av minste slag, har ikkje plass til ein stor elektrisk rullestol. Så viss ein berre les forskrifter og ikkje høyrer på brukarrepresentantane, kan det gå riktig gale. Og i alle prosjekt har det vore gjort tabbar, men ikkje alle like dyre.

Fleirbrukshallen hadde ergoterapeut i byggjekomiteen i starten, som sa kva behovet var. Senior- og funksjonsrådet gav og innspel. Ergoterapeuten gjekk over i anna stilling, og den som var ny i stillinga, vart ikkje kalla inn til møta i byggjekomiteen. Uvisst av kva grunn.Så vart det vel innstramming økonomisk og ting skjedde. Det er vel som alltid, økonomien som rår.

Fleirbrukshallen skal vera ein aktivitetsarena for absolutt alle. Då kan det ikkje vera slik at dei som blir køyrde/køyrer elektrisk rullestol må halda seg til første høgda i hallen. Skal dei ikkje kunna vera tilskodarar på tribunen? Skal dei ikkje kunna vera med på arrangement i dansesalen?

Dette MÅ det gjerast noko med. Det ein trudde ein skulle spara pengar på, blir derimot ei stor ekstrautgift.

Og så håpar eg at ergoterapeuten straks er tilbake i kommunale byggjekomitear og at brukarrepresentantane blir tekne på alvor.

Ragnhild Bjørke

Pensjonert kommuneergoterapeut-