Slik eg har forstått det skal ei slik avgift vera til sjølvkost, altså dekkja dei reelle utgiftene og ikkje berre vera ein inntektspost i kommunerekneskapet.
Slik eg har forstått det skal ei slik avgift vera til sjølvkost, altså dekkja dei reelle utgiftene og ikkje berre vera ein inntektspost i kommunerekneskapet.

Lesarbrev: Kraftig auke i festeavgifta i Os kommune – kvifor?

Eg og mange med meg har nyleg motteke rekning for festeavgift for kistegrav i Os, og det var nærast eit sjokk, skriv Kåre Askvik.

Etter å ha undersøkt litt får eg vita at festeavgifta for kistegrav fram til 2015 var 170 kroner for året, i dag er den 572 kroner! Altså meir enn ei tredobling på tre år, eller ein auke på 236%. Det er hinsides alle indeksar.

Slik eg har forstått det skal ei slik avgift vera til sjølvkost, altså dekkja dei reelle utgiftene og ikkje berre vera ein inntektspost i kommunerekneskapet.

Artikkelen held fram under annonsen.

At Bergen synest å liggja på om lag same høge nivå, reknar eg ikkje for relevant argumentasjon i denne samanhengen.

Eg skulle svært gjerne sjå ei utgreiing frå Os kommune korleis dei kan grunnagje ein slik avgiftsauke basert på prinsippet om sjølvkost.

Kåre Askvik