Helge Olav Nygard, leiar i Bjørnafjorden KrF, argumenterer, i lag med  Sigurd Risa Kalvenes og Jakob Enerhaug, for kvifor KrF ikkje bør søkja samarbeid med Ap, Sp og Sv.
Helge Olav Nygard, leiar i Bjørnafjorden KrF, argumenterer, i lag med Sigurd Risa Kalvenes og Jakob Enerhaug, for kvifor KrF ikkje bør søkja samarbeid med Ap, Sp og Sv.

Lesarbrev: KrF bør søkja ikkje-sosialistisk regjeringssamarbeid

Det er no på tide for KrF å søkja regjeringssamarbeid på ikkje-sosialistisk side i politikken saman med Høgre, Frp og Venstre.

Her er nokre grunnar til at vi meiner det:

• Vi vil jobba for eit velferdssamfunn, bygd nedanfrå både av private og ideelle.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Vi vil forsvara trusfridomen og samvitsfridomen i landet vårt. Her kjem saker som reservasjonsrett for legar inn.

• Vi meiner at statlege reguleringar ikkje må bli større enn i dag, for å ikkje avgrensa moglegheitene meir for einskildpersonar, institusjonar og verksemder. Støtte til friskular kjem inn som eit eksempel her. Her er det meir forståing å henta på ikkje-sosialistisk side.

• Vi meiner at gjennomslaga dei siste 5 åra har vore betydelege, også med tanke på at KrF er eit lite parti. Eksempel er lærarnorm, bistandsbudsjett, samferdsle, klima.

• Vi meiner at det blir eit løftebrot om KrF no skal skifta side, då partiet har gått inn for ikkje-sosialistisk samarbeid i to val på rad.

Det er saman med dei borgarlege partia vi har auka kontantstønaden frå 5.000 til 7.500 kroner, medan Ap går til val på å avskaffa den. Det var høgrestatsrådar som stod fast og forsvara KrF sitt gjennomslag i reservasjonsrett-saka. Der SV opplevde å stå i skuggen av Ap, har Erna Solberg latt partia få løfta fram gjennomslaga sine. Historisk sett veit vi at Ap og SV har vore KrF sine hovudmotstandarar når det gjeld kristen påverknad i skule og samfunn.

Erna Solberg er ein svært populær statsminister blant våre veljarar. Vi har rett og slett inga truverdig sak å skulla kasta Erna på.

Det siste vi treng no er eit urealistisk alternativ. Slik vi ser det var det feil i 2017 å gå til val på sentrum-høgre, veljarane trudde oss ikkje. Ved å peika på ei regjering med Ap, Sp og KrF så let ein vera å ta med ei viktig parlamentarisk brikke; SV. Etter oppslutninga vår dei siste åra skulle ein tru at vi hadde lært å peika på alternativ som faktisk eksisterer. Å jobba for ei regjering med Arbeiderpartiet med støtte frå SV har, slik vi vurderer det, ein altfor høg pris og er eit risikoprosjekt med KrF sin livsrett som innsats.

Vi støttar difor dei to nestleiarane våre, Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Vervik Bollestad, som tilrår KrF å gå inn i regjeringsforhandlingar med regjeringa Solberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Helge Olav Nygard

Leiar Bjørnafjorden KrF

Sigurd Risa Kalvenes

Styremedlem Bjørnafjorden KrF

Jakob Enerhaug

Gruppeleiar for KrF i Os kommunestyre