Fleirtalskonstellasjonen beståande av Sp, H og KrF, her representert ved Svein Lang (Sp), Mikal Leigland (Sp) og Margunn Y. Samnøy (Sp), synest underskotet i driftsbudsjettet er for høgt, og vil vita om det er mogleg å gjera innsparingar.
Fleirtalskonstellasjonen beståande av Sp, H og KrF, her representert ved Svein Lang (Sp), Mikal Leigland (Sp) og Margunn Y. Samnøy (Sp), synest underskotet i driftsbudsjettet er for høgt, og vil vita om det er mogleg å gjera innsparingar.

Lesarbrev: Kutta i drift siste året som Fusa kommune? Nei, takk!

Me er bekymra for belastninga desse kuttforslaga vil medføra for dei tilsette. Dei får ei kjensle av at arbeidet dei gjer ikkje vert verdsett, skriv dei tillitsvalde i Fusa.

21. november var det formannskapsmøte i Eikelandsosen. Fleirtalet utarbeidde her eit nytt budsjettforslag, med bl.a. eit vedtak om å sjå på moglege innsparingar på fire millionar Dette gjer oss urolege på vegne av dei tilsette i organisasjonen, som allereie er under eit hardt arbeidspress.

Me støttar oss til det som rådmannen seier i innleiinga i budsjettforslaget sitt om at det i 2019 ikkje er tida for kutt i einingane. Innsparingar vil gå hardt ut over både arbeidsoppgåver og prosjektarbeid. Det er svært viktig at Fusa er representert i alle prosjekta som skal utforma Bjørnafjorden kommune. Politikarane bør verna om dei tilsette, slik at dei får best moglege rammevilkår for å gjera denne jobben.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordføraren kommenterte vedtaket i formannskapet i Os & Fusaposten. Han meiner det er kritikkverdig å be om innsparingar på fire millionar i formannskapsmøtet, tre veker før budsjettet skal vera klart. Ordrett kan vedtaket lesast slik: Rådmannen vert beden om å sjå på eit innsparingspotensiale på 4 millionar på drift og kva konsekvensar det vil få.

Dei føreslegne kutta frå rådmannen, vil i stor grad gå utover svært viktige tenester for innbyggarane i Fusa. Det handlar om livskvalitet for alle i heile livsløpet.

Folkehelse

Psykiske lidingar hos barn og unge er eit aukande problem både nasjonalt og lokalt. Auka helsesysterressurs, som føreslått i rådmannen sitt budsjettforslag, er ei førebygging som på sikt vil vera meir berekraftig, enn å la vera. “Det er betre å byggja born enn å reparera vaksne”. Me ber om at forslaget om auka helsesysterressurs og ressursar til tidleg innsats (PPT) ikkje blir fjerna.

Eit tilbod om dagsenter der brukarane møter kompetente tilsette utset behovet for sjukeheimsplass. Å stengja dagsentera og andre aktivitetstilbod, som fritidsklubb og dagsenter for psykisk utviklingshemma, vil få store konsekvensar for tenestene. Dagsentertilbod i Fusa kommune er ein viktig funksjon som avlastar pårørande og tilsette i heimebasert omsorg.

Oppklaring om barnehage og barnetal

Nytt av året er ei skjerpa pedagognorm som seier noko om auka tal pedagogar per barn. Ein vil i alle barnehagane trenga meir areal for å stetta krav om lovpålagde arbeidsplassar for personalet til pedagogisk samarbeidstid og planlegging. Me les i Os & Fusaposten at politikarar ikkje ser nytta av 96 plassar i Jettegryto. Dette betyr ikkje 96 barn. Barn frå 0-3 år opptar to plassar kvar. Nesten halvparten av barna i mange barnehagar vil til ei kvar tid vera i denne aldersgruppa. Me ynskjer at dei folkevalde tenkjer framtidsretta om dei kommunale barnehagane.

På vegne av tilsette i Fusa kommune, var hovudtillitsvalde og hovudverneombod godt nøgde med å lesa at rådmannen ikkje ynskte innsparingar på drift i 2019. Fleirtalet i formannskapet bad likevel om ei kuttliste. Me er bekymra for belastninga desse kuttforslaga vil medføra for dei tilsette. Dei får ei kjensle av at arbeidet dei gjer ikkje vert verdsett. Me veit at eit slikt vedtak får negative konsekvensar ute i einingane allereie når oppslaga kjem i lokalavisa.

Me støttar ordføraren i at dette er eit tillitsbrot mellom politikarar i H, Sp og KrF, og rådmannen sin stab.

Siw-Ingrid Kaland

HTV Fagforbundet og FO

Artikkelen held fram under annonsen.

Linda Ann Lohne

HTV Delta

Andrea Litwinenko

HTV NSF

Siri Clausen

HTV NITO

Svanhild Håland Riise

HTV UDF

Hildegunn Austestad

HVO

.

jostein@osogfusa.no