annonse

Lesarbrev: Kva er sant om Palestina? – svar til Per Torgeir Nilsen

: På denne turen opplevde vi det vi opplevde og såg det vi såg, det gjorde sterkt inntrykk på meg. Mi oppgåve er å prøva å fortelja om det vi faktisk opplevde på denne turen, skriv Sælensminde i sitt svar til lesarbrevet til Per Torgeir Nilsen. (Foto: Privat)

Eg las innlegget ditt med interesse og skjønnar at vi har to vidt forskjellige oppfatningar av kva som er realitetane i konflikten mellom Israel og Palestina.

På denne turen opplevde vi det vi opplevde og såg det vi såg, det gjorde sterkt inntrykk på meg. Mi oppgåve er å prøva å fortelja om det vi faktisk opplevde på denne turen.

Som David og Goliat

Eg vil ikkje underslå at det er interne konfliktar i Palestina. Partia Hamas og Fatah er hovudårsaka til splittinga. Hamas styrer i Gaza og Fatah på Vestbredda. Denne politiskesplittinga er særs vanskeleg for palestinarane. Eg vil heller ikkje underslå at nokre palestinarar også tek til våpen. Men når det kjem til drepne og skadde på dei to sidene, er det ei stor overvekt av drepne og skadde palestinarar. Det er som med David og Goliat, styrkeforholdet kan ikkje på nokon som helst måte samanliknast.

– Rapport om falske skuldingar

Eg vil på det sterkaste imøtegå din påstand om at Norsk Folkehjelp, Røde Kors og Kirkens Nødhjelp ikkje legg fram rapportar og rekneskap som viser kva aktivitetar dei har i området. Eg har best kunnskap om Norsk Folkehjelp som var arbeidsplassen min i 21 år, og som har hatt kontor i Gaza og drive med bistandsarbeid i Palestina sidan 1987.

Israelske myndigheiter la i fjor fram ein rapport med falske skuldingar retta mot bl.a. Norsk Folkehjelp. Norsk Folkehjelp vart skulda for å arbeida for boikott av staten Israel og for å finansiera terrorverksemd. Skuldingane er heilt grunnlause og fell på si eiga urimelegheit. Slike rapportar, retta mot alle organisasjonar som jobbar mot okkupasjonen, er vorten vanleg frå Israel.

Styrking av lokale organisasjonar

Norsk Folkehjelp følgjer den same lina som EU når det gjeld folkerett og okkupasjon av Palestina. EU er prinsippfast når det gjeld folkeretten. EU har innført merking av varer som er produsert i ulovlege israelske busettingar. Over tjue medlemsland åtvarar nasjonalt næringsliv mot økonomiske band til ulovlege busettingar. Desse busettingane får heller ikkje tilgang til EU-midlar. Talet ulovlege busettingar aukar for kvart år.

Norsk Folkehjelp sitt mål er å bidra til ei positiv politisk, sosial og økonomisk utvikling for folk i Palestina. Organisasjonen jobbar med dette ved å styrkja lokale organisasjonar og fremja demokratiske prosessar på grasrotnivå, og stø opp om dei lokale organisasjonane sin innsats i lokalsamfunnet.

Dårleg renovasjonsordning

Eg reagerer også på velstanden du skriv finst på Vestbredda. For oss som var der, såg vi ikkje mykje til denne velstanden. Sjølvsagt finst det heilt sikkert rike palestinarar, men storparten av palestinarane lever i fattigdom og i flyktningleirar. I byane på Vestbredda betalar palestinarane kommunale avgifter til liks med busettarane, det vil sei til israelske myndigheiter. Likevel har dei dårlegare renovasjonsordning enn busettarane, vatnet vert stengt og straumen tatt med jamne mellomrom. Muren gjer det også særs vanskeleg for palestinarane å ta seg fram til jobb og skule, mens busettarane kan gå fritt kor dei vil. Forstå det den som kan.

Mange bur i flyktningleirar

Ifølgje FN-sambandet er det i dag rundt fem millionar palestinske flyktningar rundt om i Midtausten. Mange bur framleis i flyktningleirar. Flyktningar i Gaza, Vestbredda, Libanon, Jordan og Syria kan ikkje returnere til der dei måtte flykte frå då staten Israel vart etablert i mai 1948. Verdas jødar er velkomne til å flytta til Israel akkurat når dei vil. Er dette rettferdig?

Verd å lesa om

Heldigvis ser ikkje alle israelarar på alle palestinarar som terroristar. Fleire israelske organisasjonar jobbar for ei fredeleg løysing på konflikten, og vil at israelarar og palestinarar skal bu saman i fred. Besøk gjerne nettsida til Breaking The Silence – ein organisasjon med folk frå den israelske hæren, som reagerer på korleis dei måtte tene okkupasjonen av Vestbredda og Gazastripa då dei avtjente si obligatoriske verneplikt. I Israel er denne tre år for menn og to år for kvinner.

Eg er samd i at alle land, også Israel, må ha rett til å forsvara seg. Men når dei startar krigsmaskina si, er det ikkje berre for å forsvara seg, då er det like mykje for å vise styrke.

Den jødiske organisasjonen Jewish Voice for Peace i USA er ei anna viktig stemme det er verd å lesa om.

Overgrepa vert fordømde

Dei siste åra har det vore mange fredelege demonstrasjonar frå palestinarane si side. På berre ein dag i mai 2018 vart 55 palestinarar drepen, av desse åtte born. 2700 vart skadd. (Kjelde: NRK.) Kvar fredag vert desse fredelege demonstrasjonane gjennomført, ofte med drepne og skada som resultat. Helsestellet i Gaza har kollapsa totalt på grunn av desse hendingane. Desse overgrepa vert fordømde av mange. Kollektiv avstraffing er eit brot på folkeretten.

Håpar på samarbeid

Eg har ikkje noko imot israelarar, men eg tar sterkt avstand frå krigshandlingane frå staten Israel, frå deira apartheidsystem og frå okkupasjonen av internasjonalt anerkjent palestinsk territorium.

Sist onsdag såg eg på ein dokumentaren Muren på NRK 2. Tenk om fleire aktivistar hadde jobba slik desse palestinarane og israelittane i dokumentaren gjer. Eg håpar fleire palestinarar og israelittar kan jobbe saman for å finne ei fredeleg løysing slik at alle kan leva eit godt og verdig liv.

Åse Vaksinen Sælensminde

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut