annonse

Lesarbrev: Kvifor hastevedtak i Fjellheim-saka?

I kjend stil
I kjend stil: I kjend stil har ordføraren trekt ut eit nytt ess i ermet ved å opplysa om at det skal nyttast tre millionar til eit ekstra rom i Os Aktiv-bygget som skal bli ein ny møteplass for ungdom. Altså endå ein god grunn til å gløyma Fjellheim. (Foto: )

Politikarane bør verkeleg tenkja seg om, og ikkje gjera eit hastevedtak for å stoppa denne prosessen. Oppgradering av Fjellheim kan gjennomførast i fleire etapper og i løpet av fleire år.

I formannskapsmøte i dag, fredag 21. juni er Fjellheim-saka på sakslista igjen. Rådmannen sitt framlegg til vedtak er ikkje å gå vidare med planane om eit samarbeid med Oseana. Grunngjevinga er prislappen på nær 30 millioner som rådgjevingfirmaet Rambøll har kome fram til for ei total oppgradering av Fjellheim og vaktmeisterboligen til dagens standard og krav. For Fjellheim er summen ca 25 millioner. Foreininga Bevar Fjellheim(BF) har tidlegare sett på vaktmeisterboligen som eit sals- eller rivingsobjekt, men prisen på ca 25 mill er framleis veldig høg.

Bestillinga frå Oseana til Rambøll har vore å få ein prislapp på ei total rehabilitering av Fjellheim til dagens standard og krav. Byggjeforskriftene har blitt endra fleire gonger etter 1992, bl.a. i 1997 og i 2016. Det er ikkje overraskande at prisen vert høg på ei slik bestilling, og det var kanskje det som også var meininga?

I kjend stil har ordføraren trekt ut eit nytt ess i ermet ved å opplysa om at det skal nyttast tre millionar til eit ekstra rom i Os Aktiv-bygget som skal bli ein ny møteplass for ungdom. Altså endå ein god grunn til å gløyma Fjellheim.

Verken Rambøllrapporten eller tilstandsrapporten tar med at Fjellheim har gjennomgått fleire store oppgraderinger. I tilstandsrapporten er det diverre fleire faktafeil, og manglande faktagrunnlag som ikkje kan tilskrivast takstmannen, men Os kommune som ikkje har formidla nok informasjon om Fjellheim til han. Den viktigaste informasjonen som manglar, er den store rehabiliteringa av huset innvendig i 1990-1992.

Den største oppgraderinga var ferdig i 1992, altså knapt 20 år før bygget vart avstengt i 2011. I 1982–84, altså før Os kommune kjøpte Fjellheim, vart det også gjennomført ei stor rehabilitering då alle vindauge vart skifta ut, og det gamle teglsteintaket vart skifta ut med stålpanner.

Då Os kommune kjøpte Fjellheim av Os Musikk- og Turnforening i 1989 vart det nedsett eit breitt samansett brukarutvalg frå åtte ulike lag som kom med framlegg til vidare oppgradering og modernisering av Fjellheim. Desse var representerte i utvalet: Os Bygdakunstlag, Os Musikkskule, Os Jazzlag, Os Teaterlag, Os Turnforening, Os Musikkforening, Os Mannskor og Kulturutvalet.

Rapporten, som var klar 26. mars 1990 låg til grunn for den store oppgraderinga av Fjellheim med bl.a. med to påbygg mot nord og sør på bygningen. Det mobile amfiet for publikum var også med i brukarutvalet sitt framlegg, og det kom på plass eit stykke ut på 2000-talet. Arkitekten for ombygginga og påbygginga var Hans Skogen, og han gjorde ein framifrå jobb.

I Olav Søfteland sitt innlegg om mogeleg framtidig bruk av Fjellheim, syner han til rapporten som nyleg vart utarbeidd av direktøren for Oseana, Ole Tobias Lindeberg og styreleiar for Oseana, Gjert Atle Gundersen. Som Søfteland skriv er rapporten bl.a tufta på erfaring og kunnskap frå dei åtte åra med drift av Oseana. Sjølv om det i «mogelegheitsstudie» vert peika på at det er eit notat som foreløpig er ei grov tilnerming til spørsmålet, er det likevel verdt å sitera noko av innhaldet; «Styret i Oseana KF håper likevel at notatet kan danne grunnlag for en prinsipiell kommunal vurdering av Fjellheim som en spennende fremtidig utvidelse av det kommunale kulturtilbud til et bredt spekter av ungdoms og amatøraktiviteter».

Politikarane bør verkeleg tenkja seg om, og ikkje gjera eit hastevedtak for å stoppa denne prosessen. Oppgradering av Fjellheim kan gjennomførast i fleire etapper og i løpet av fleire år. På Voss fekk dei nytt kulturhus i 2010, og der er det no blitt partipolitisk semje om å nytta 30 millionar til oppgradring av den gamle storstova Gamlekinoen over fleire år. I motsetning til Fjellheim, har Gamlekinoen vore i bruk heile tida, bl.a. under Vossajazz osb.

Fjellheim har stått avlåst utan varme eller lufting i 8 år

I innleiinga til Rambøll sin rapport står det: «3.1 Om Fjellheim Oppdragsgiver opplyser at bygningen har stått ubrukt og uten oppvarming i en årrekke. Av Tilstandsrapporten fremgår det at bygget er i generelt dårlig forfatning og det er registrerte fuktskader og soppdannelse i bygget. Det påpekes at det vil være behov for renovering av store deler av bygningene.»

At bygget er i generelt dårleg forfatning er å overdrive, og eg trur takstmannen har blitt litt lurt av dei manglande opplysningane han burde hatt før han gjennomførte befaringa. Sidan Rambøll har lagt tilstandsrapporten til grunn, har nokre av punkta i Rambøll-rapporten også truleg fått for dårleg karakter. Ellers seier ansvarleg for Rambøll-rapporten at ei oppgradering av Fjellheim kan ein ta over fleire år, og likevel nytta bygget undervegs. Det er mange gode grunnar til å bygga vidare på initiativet som direktøren og styreleiaren i Oseana har sparka i gang.

Tore Moberg

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut