Trine Lindborg tek Arbeidarpartiets eiga leiartrening for damer.
Trine Lindborg tek Arbeidarpartiets eiga leiartrening for damer.

Lesarbrev: Kvifor ikkje tverrpolitisk semje om mat?

Det er for meg heilt ubergripelig at det ikkje er tverrpolitisk semje om at dei sjuke og eldre i kommunen vår skal få servert nylaga og tilpassa mat kvar dag.

Som ny folkevald for Arbeiderpartiet i 2015 vart det mange saker å setja seg inn i. Mykje spanande som ein prøvde å få oversikt over,- og sjå heilskap i.

Ei sak som eg ikkje kunne tru var sann, var at den nye sjukeheimen på Lurane ikkje skulle byggjast med eige kjøken! Det var ikkje fleirtal for det i kommunestyret. Frp og Høgre ville ikkje vera med på at maten til dei sjuke og eldre skulle lagast på plassen. Vi skulle byggja Noregs flottaste sjukeheim,- utan kjøken!

Artikkelen held fram under annonsen.

Kor gammaldags og lite innovativt var det, når vi dei siste 10 åra har fått så mykje meir kunnskap om ernæring og matglede!

Det første innlegget eg skreiv til kommunestyret var basert på ein reportasje frå Løten som eg las i Østlendingen hausten 2015. Då vann dei ein pris i Gyldne Måltidsøyeblikk. Stolte og krye stod dei fram med sin heimalaga,- og ikkje minst tilpassa mat. 

På fredag var TV2 og Wenche Andersen frå God Morgon Norge på besøk på Løten. Om du ikkje fekk med deg reportasjen på fredag så vær snill å klikk på lenkjene:

https://www.tv2.no/underholdning/10108828/ 

og 

https://www.tv2.no/v/1380141/

Det er for meg heilt ubergripelig at det ikkje er tverrpolitisk semje om at dei sjuke og eldre i kommunen vår skal få servert nylaga og tilpassa mat kvar dag. 

I alle saker som omhandlar bygging av idrettshall, crossbane, og garantiar for nærmiljøanlegg er vi samrøystes i kommunestyret, og det er eg svært svært glad for! Desto meir forundra er eg over at alle Frp,- og alle Høgre sine representantar over så mange år stemmer imot eitkvart forsøk frå opposisjonen om å få i gang kjøken på Lurane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trine Lindborg

Leiar 

Bjørnafjorden Arbeidarparti