Norske politikarar bør lytta både til Greta Thunberg, som i haust starta eit verdsomspennande ungdomsopprør, og til dei over 50.000 barn og unge i Noreg som har streika for klimaet.
Norske politikarar bør lytta både til Greta Thunberg, som i haust starta eit verdsomspennande ungdomsopprør, og til dei over 50.000 barn og unge i Noreg som har streika for klimaet.

Lesarbrev: Noreg må slutta å leita etter olje og gass

Tusenvis av ungdomar har streika for klima med krav om at politikarane må slutta å satsa på olje og gass. Svaret frå regjeringa er det stikk motsette!

Den 29. mai vart det på nytt delt ut rekordmange løyve til utvinning av olje og gass for fleire tiår framover. Dette er i strid med FN sine klimamål. Natur og Ungdom, Naturvernforbundet og Besteforeldra sin klimaaksjon går no ut med eit opprop og ein underskriftskampanje der me krev at regjeringa stansar all leiting etter olje og gass. Oppropet er støtta av mange andre organisasjonar, leiande norske klimaforskarar og andre klimaengasjerte frå ulike sektorar i samfunnet.

Politikk for klimakatastrofe

Norsk olje- og klimapolitikk styrer mot ei global oppvarming langt over målet om å halda global oppvarming til godt under 2 grader. Noreg set ingen grenser for kor mykje fossile brennstoff me kan ta opp på norsk sokkel og planlegg oljeutvinning lenge etter 2050. Dersom andre land gjer som Noreg, blir konsekvensane svært farlege for millionar som lever i dag, og for våre eigne barn og barnebarn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei oppvarming på meir enn 1,5 grader vil gje oss ei verd med svært store problem. Ekstremvêr med sterkare stormar, meir nedbør og flaum i nokre område og tørke og brannar i andre, vil gje store materielle skadar og mange dødsfall, både i rike og fattige land. På sørlege breiddegradar vil vidare oppvarming føra til dødelege hetebølger som vil råka mange millionar av menneske stadig oftare. Havnivået vil fortsetja å stiga med aukande fart. Jordbruk blir umogleg i enkelte regionar. Levealder, helse og livskvalitet blir vesentleg redusert. Store straumar av flyktningar vil auka risiko for konfliktar og krig.

Regjeringa sviktar

I denne alarmerande situasjonen tillèt likevel regjeringa vår fullt køyr i leiting etter meir olje og gass og deler ut rekordmange utvinningskonsesjonar. Nye område for leiting og produksjon blir stadig opna, òg i det sårbare Barentshavet. Statsministeren har sagt at den som skal sløkka lyset på norsk sokkel er enno ikkje fødd. Dersom Erna Solberg får rett, kan kloden bli uleveleg for etterkommarane våre.

Noreg er den sjuande største eksportøren av olje og den nest største eksportøren av gass i verda. Sjølv om norsk produksjon skulle vera noko reinare enn verdsgjennomsnittet, betyr dette svært lite i høve til utsleppa frå eksportert olje. Mein enn 90 prosent av utsleppa kjem ved forbrenning. For den norske utslepprekneskapen betyr likevel norsk olje- og gassutvinning mykje. Utsleppa frå denne verksemda har auka med 75 prosent sidan 1990 og var i 2018 den største kjelda til nasjonale utslepp.

Noreg har stort ansvar

Som ein stor petroleumseksportør over mange år og med rikdom som til dels er bygd på denne verksemda, har Noreg eit moralsk ansvar for å gå føre og trappa ned olje- og gassproduksjonen. Me meiner dessutan at å halda fram med oljeleiting er eit brot på miljøparagrafen i Grunnlova (paragraf 112). Olje- og gassverksemd i Barentshavet er spesielt uheldig sidan det kan øydelegga sårbar natur for alltid.

Leiande forskarar meiner at det er naudsynt slutta å leita etter olje og avvikla produksjon av fossile brennstoff. Det kjente tidsskriftet Nature konkluderer på fygjande måte: «Reduksjon av karbonutslepp inneber å ta vanskelege val: stoppa nye investeringar i leiting etter og produksjon av fossilt brensel, og deretter å stengja eksisterande anlegg». Leiar for Bjerknes-senteret for klimaforsking, Tore Furevik, er samd og peikar på at det av omsyn til klima er gale for Noreg å leita etter olje.

Økonomisk risiko

Oljeinvesteringar utgjer ein aukande økonomisk risiko, spesielt når staten fremjar leiteboring og dekker leiteutgiftene. Skatteordningane for oljenæringa fører til at staten finansierer nesten 90 prosent av investeringane ved utbygging og leiting mot at selskapa betaler 78 prosent skatt av eit eventuelt overskot. Dette blir gjort trass i at det aller meste av kjente fossile ressursar ikkje kan utvinnast dersom verda skal unngå klimakollaps. Skal me nå FN sine klimamål, blir ein stor del av norske fossile reservar verdilause.

Milliardane som staten betalar for leiting, til dømes i Arktis, blir då bortkasta pengar. Desse summane kunne i staden vore brukt til grøn omstilling for å skapa nye jobbar for dei som må skifta jobb på grunn av nedtrappinga av oljeindustrien. Den globale oppvarminga er ein atskilleg større trussel mot norsk økonomi enn å fasa ut oljeverksemda.

Høyr på ungdommen

Norske politikarar bør lytta både til Greta Thunberg, som i haust starta eit verdsomspennande ungdomsopprør, og til dei over 50.000 barn og unge i Noreg som har streika for klimaet. Som Thunberg så sterkt understrekar: Klimakrisa krev handling! Ungdom treng håp. Rask og effektiv handling mot klimaendringane kan skapa håp og gje barn og unge tru på, heller enn angst for, framtida. Me må ikkje halda fram med å svikta born og ungdom i denne saka!

Artikkelen held fram under annonsen.

Difor går me ut med opprop og underskriftskampanjen som nemnt ovanfor med fylgjande oppfordring til regjeringa: Lytt til ungdommen som blir råka av klimakrisa. Stans all oljeleiting! Legg ned leiterefusjon og andre ordningar som stimulerer til leiting etter meir olje og gass. Me har alt funne meir enn me kan bruka. Invester i staden i fornybar energi og berekraftige løysingar!

Gunnar Kvåle

Medlem i styret og leiar for Bergensgruppa i Besteforeldra sin klimaaksjon