Det hastar med ein ny politikk, og alle kan bidra med ein livsstil som fører til mindre klimagassutslepp.
Det hastar med ein ny politikk, og alle kan bidra med ein livsstil som fører til mindre klimagassutslepp.

Lesarbrev: Norsk klimapolitikk er langt frå tilstrekkeleg

Besteforeldra sin klimaaksjon har skrive brev til Erna Solberg og Jonas Gahr Støre der me ber dei om å ta leiarskap for ein ny klimapolitikk. Me kan alle bidra til ei betre utvikling. Den siste klimarapporten frå FN slår fast at mykje meir må gjerast om me skal kunna unngå svært alvorlege klimaskadar.

Den 8. oktober la FN sitt klimapanel (IPCC) fram ein rapport om kva som må til for å avgrensa global oppvarming til 1.5º C og oppfylla måla frå Paris-talen.

I samband med dette har Besteforeldra sin klimaaksjon sendt brev til Erna Solberg og Jonas Gahr Støre med kopi til dei andre norske partileiarane. Me rettar ein sterk appell til dei om å ta FN-rapporten på høgste alvorleg. Dagens norske klimapolitikk er langt frå tilstrekkeleg. Dersom alle land fylgde dømet vårt, ville verda gå mot ei global oppvarming på meir enn 3 gradar. Til skilnad frå nabolanda våre, der utsleppa er på god veg nedover, har norske utslepp av CO auka mykje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom me ikkje endrar politikk og livsstil og den globale oppvarminga går mot 3 gradar, risikerer me at folkehelse og velferd mot slutten av hundreåret, då mange av våre eigne barneborn framleis lever, blir vesentleg dårlegare enn i dag. FNs klimapanel skriv at ei så stor oppvarming vil gje meir ekstremver med sterkare stormar, meir nedbør og flom i nokre området og tørke og brannar i andre. Dette vil gjera livet meir utrygt for millionar og menneske i alle delar av verda. I store område blir de vanskeleg å driva jordbruk, og fattigdommen vil auka.

Det hastar difor med ny politikk. Dessutan kan me alle bidra med ein livsstil som fører til mindre klimagassutslepp. Å reisa mindre med fly og fossilbil, eta mindre kjøt, spara energi ved å isolera huset betre og ikkje varma opp fleire rom enn dei me brukar, er noko av det me, utan større ulemper, kan gjera.

I brevet til partileiarane skriv me at Noreg må stoppa oljeplanane i Arktis og få fart på sterkare reduksjonar i klimagassutsleppa. Som eit rikt oljeproduserande land har Noreg òg eit særleg ansvar for gå i front globalt, mellom anna ved å bruka oljefondet aktivt for ein naudsynt omstilling i fattige land.

I brevet til Erna Solberg og Jonas Gahr Støre skriv me til slutt: «Hvis Norge med dere i spissen starter på denne veien nå, vil dere bli stående i historien som ledere som tok sin del av ansvaret og med moralsk mot gjorde det som klimaforskere lenge har påvist er nødvendig. Dette vil være et viktig bidrag til en bedre framtid for våre barn og barnebarn».

Gunnar Kvåle

Landsstyremedlem i Besteforeldra sin klimaaksjon