Eg er stolt av å vera ordførar i ein kommune med gode og opne prosessar der kommunestyret fungerer slik det skal i eit demokrati.
Eg er stolt av å vera ordførar i ein kommune med gode og opne prosessar der kommunestyret fungerer slik det skal i eit demokrati.

Lesarbrev: Opne demokratiske prosessar styrkjar demokratiet

I Fusa kommune fungerer det slik at kommunestyret etter gode, opne diskusjonar blir einige om dei store og viktige prosjekta.

Eg registrerer at mange ordførarar gjev ros til seg sjølv og partiet sitt for kva dei har fått til i kommunen sin, såkalla privatisering av politikken. Også enkeltparti meiner dei har æra for dei gode prosjekta.

I Fusa kommune fungerer det slik at kommunestyret etter gode, opne diskusjonar blir einige om dei store og viktige prosjekta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg nemner: Ny idrettshall (Fjorden Arena), ny ungdomsskule, utviding av Fjorden Senter, etablering av Samnøy næringsområde, områdeplanar og næringsområde i fleire av bygdene, rehabilitering av Fusa bu – og behandlingssenter, 20 mill. til opprustning og asfaltering av kommunale vegar i 2019 og mange andre prosjekt.

Eg er stolt av å vera ordførar i ein kommune med gode og opne prosessar der kommunestyret fungerer slik det skal i eit demokrati.

Desse verdiane er eg overbevist om at alle politikarane frå Fusa kommune, uavhengig av parti, som stiller til val i Bjørnafjorden kommune tar med seg inn i den nye, flotte kommunen.

Godt val og nytt deg av stemmeretten som er viktig for å styrkja demokratiet.

Atle Kvåle

Ordførar Fusa kommune

2. kandidat

Bjørnafjorden Ap