Kritisk og gravande journalistikk er bra, men eg vonar ikkje Os & Fusaposten vil ta etter tabloidpressa med for mykje tynne artiklar i eit forsøk på å generera raske klikk på sine overskrifter.
Kritisk og gravande journalistikk er bra, men eg vonar ikkje Os & Fusaposten vil ta etter tabloidpressa med for mykje tynne artiklar i eit forsøk på å generera raske klikk på sine overskrifter.

Lesarbrev: Os & Fusaposten – den lokale tabloidpressa?

Det som får meg til å reagere er vinklinga i artikkelen. Me skreiv tre A4 sider i vår uttale til områdeplanen i Strandvik. Kva gjer avisa? Legg hovudfokuset mot det som i uttalen er omtala som «ei lita avsporing når det gjeld fargemangfaldet», skriv Peter-Hans de Zwarte.

I avisa frå tysdag 8. januar kan me lese artikkelen «Vil unngå keisame fargar og bygg: – kvardagen er grå nok som den er». Artikkelen er basert på Strandvik Bygdautval sin uttale til planprogrammet til områdeplanen for Strandvik sentrum. Ein uttale ført i penn av underteikna.

Me har skrive ein god uttale. Ein uttale som tek omsyn til ynska til breidda i bygda si befolkning. Me ynskjer å ta vare på siktlinjer og landbruksområda. Me ynskjer grøn parkering med armert dekke av gras, varierte bumiljø med større tomter der ein har plass til frukt og grønsaker, gjenreise trekaia ved gamlekaia som dampskipa la til ved, bu til turistinformasjon, flaumsikring, liten idrettshall med treningsrom, flytande bustadfelt og ein del anna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det som får meg til å reagere er vinklinga i artikkelen. Me skreiv tre A4 sider. Kva gjer avisa? Legg hovudfokuset mot det som i uttalen er omtala som «ei lita avsporing når det gjeld fargemangfaldet». Etterfylgd av «Utvalet lurar på om det kan leggjast føringar for å forhindra keisame fargar og bygg i sentrum? Kvardagen er grå nok som den er!».

Dette var meint som eit stikk mot trenden der «alle» vil ha grå hus. Å̊få folk til å bruke fantasien i staden for å fylgje blindt etter andre. Sjølv lokalavisa må då skjøna at ein ikkje kan tvinga på folk kva farge dei skal ha på huset sitt? Men i artikkelen får desse setningane all fokus, og får effektivt uttalen vår til å framstå latterleg og useriøs.

Det gjeld og når same journalist går tabloidpressa ein høg gang ved å bruka tittelen «Fusa bondelag vil ikkje ha einebustader i Strandvik» i avisa fredag 21. desember. Ein svært misvisande tittel då bondelaget meiner det ikkje må byggjast einebustader på dyrka mark i Strandvik sentrum.

Kritisk og gravande journalistikk er bra, men eg vonar ikkje Os & Fusaposten vil ta etter tabloidpressa med for mykje tynne artiklar i eit forsøk på å generera raske klikk på sine overskrifter.

Peter-Hans de Zwarte

Leiar

Strandvik Bygdautval