Standarden på mange av vegane på Vestlandet er langt frå god nok. I staden for ein firefelts motorveg, kan ein til ein mykje lågare kostnad og mindre naturskade byggja eit moderne samferdselsnett på Vestlandet med gode tofelts vegar kombinert med miljøvenlege el-ferjer.
Standarden på mange av vegane på Vestlandet er langt frå god nok. I staden for ein firefelts motorveg, kan ein til ein mykje lågare kostnad og mindre naturskade byggja eit moderne samferdselsnett på Vestlandet med gode tofelts vegar kombinert med miljøvenlege el-ferjer.

Lesarbrev: Planen for firefelts E39 må leggjast vekk - tid for ny Vestlandsvisjon

På møtet om E39 i Søre Øyane måndag kveld kom det på nytt fram at det er på høg tid at ansvarlege politikarar stoggar vidare planlegging av dette gigantprosjektet. Det er ingen grunn til å kasta bort meir pengar enn den eine milliarden som det vart opplyst er brukt på å planleggja ei bru det ikkje er bruk for.

Når Naturvernforbundet, lastebilegarane og transportarbeidarane no gjer felles front mot Hordfast, burde også andre aktørar i nærings- og arbeidsliv ta ein «time out» og vurdera om dette er noko å gå inn for. I ei felles fråsegn skriv dei mellom anna: «Vi vil ha sikre tofeltsveier, veiskuldre som ikke gir etter, lyse tunneler og trygghet mot ras. Vi ønsker gang- og sykkelveier og gode forhold for kollektivtrafikken. Bruk ressursene til dette, som gjør hverdagen bedre for både nyttetransport og myke lokaltrafikanter, ikke til prestisjeprosjektet Hordfast».

Store lokale naturskader

Ein motorveg med fire felt fører til uakseptabel skade av verdifull natur i Sunnhordland, over Bjørnafjorden og i Os. Det er store utfordringar med ilandføring i Søre Øyane. Alle som bur her og elles langs strekningane der vegen er planlagt, vil under anleggsperioden verta plaga både av anleggstrafikk, sprenging og støv på grunn av byggeprosessen som varer i mange år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Negativ klimagevinst

Daglig leiar for Hordfast AS, Øyvind Halleraker, la på møtet fram tal som skulle tyda på ein stor klimagevinst. Grunnlaget for dette, slik han la det fram, ser ut til å vera at han ventar at bussar vil overta så å seia all passasjertrafikk med fly mellom Bergen og Stavanger. Synnøve Kvamme frå Naturvernforbundet viste då til at om så mange skulle velja buss, vil det bli så få bilar på vegen at det slett ikkje blir bruk for ny 4-felts veg.

Ein eventuell klimagevinst ved nedgang i flytrafikk, vil dessutan fyrst koma når prosjektet er ferdig. I perioden før 2030, då vedtekne klimamål krev at vegsektoren må kutta utsleppa med 40%, vil anleggsarbeidet føra til store klimautslepp. Ferjefri E39 er difor utan tvil på kollisjonskurs med vedtekne klimamål.

Høg kostnad

E39 mellom Bergen og Stord var for ei tid sidan kostnadsrekna til heile 43 milliardar kroner, meir enn ei dobling av den opphavlege prisen. Etter at det frå politisk hald er gjeve klare signal om at kostnaden for prosjektet må reduserast, opplyste Vegvesenet på møtet at kostnaden etter nye berekningar no er 35 milliardar. Men det vart understreka at tala for kostnadene er svært usikre. Dette er noko alle kan forstå når kostnadsoverslaget for prosjektet på få år går frå 19 til 43 milliardar, og no, etter pålegg frå politisk hald, blir redusert med heile 8 milliardar. Kva den endelege summen blir om prosjektet skulle bli realisert, er tydelegvis heilt i det blå.

Tofelts veg dekkjer behovet

Standarden på mange av vegane på Vestlandet er langt frå god nok. I staden for ein firefelts motorveg, kan ein til ein mykje lågare kostnad og mindre naturskade byggja eit moderne samferdselsnett på Vestlandet med gode tofelts vegar kombinert med miljøvenlege el-ferjer. Den nye Bjørnafjorden kommune vil ha mykje større nytte av ein tofelts trasé via Tysnes og Fusa som koplar seg til den nye vegen mellom Os og Bergen.

Ein framtidsretta visjon

Ein alternativ, framtidsretta visjon vil vera å flytta ein større del av person- og ikkje minst godstransporten frå veg til sjø, ved ein kombinasjon av mindre utsleppsfrie skip og ferjer for korttransport og større havgåande, utsleppsfrie fraktefartøy for lengre transport langs kysten. Konsept for dette er utvikla i den maritime klyngja i Sunnhordland. Dette vil føra til utvikling av ny teknologi, nye arbeidsplassar og tilgang til opplevingar på fjordane og langs kysten, utan skjemmande og støyande biltrafikk og med mindre klimagassutslepp. Vestlandet vil då stå fram som ein region med vilje og evne til å planleggja for ei ny tid med ein grøn kurs.

Gunnar Kvåle

Sentralstyremedlem i Besteforeldra sin klimaaksjon