Erik Halvorsen, som har hatt ein halv fridag sidan jul, viste rundt på garden. Driftsbygningen bak er ny og bygt med tømmer frå eigen skog. Tømmeret er tilverka på eit lokalt sagbruk.
Erik Halvorsen, som har hatt ein halv fridag sidan jul, viste rundt på garden. Driftsbygningen bak er ny og bygt med tømmer frå eigen skog. Tømmeret er tilverka på eit lokalt sagbruk.

Lesarbrev: Plantar Bjørnafjordens frukt- og grønsakshage i Øvre Hålandsdalen

I 2040 er Hordaland sjølvforsynt med ferske, berekraftige grønsaker, frukt og bær. I alle fall dersom Erik Halvorsen får det som han vil. Han er alt godt i gang med planane – i Øvre Hålandsdalen har han planta seng på seng med grønsaker og 1100 eple- og plommetre.

Laurdag 16. juni vart Os MDG og Fusa MDG slått saman til Bjørnafjorden MDG. Staden for storhendinga var ikkje tilfeldig valt. Stiftingsmøtet var lagt til Orra gard, som både har historisk sus og framtidsvon i veggane.

Korn til heile Hålandsdalen

Vegen for å koma seg dit er lang og kronglete, men i luftline er plassen berre fem kilometer frå Hardangerfjorden. Orra kjennest høgt til fjells, men sjølve garden ligg ikkje meir enn 30 meter over havet. Dagens våningshus er bygt i 1905, og på garden har det vore både postopneri og telegrafstasjon. Her er rikeleg med god dyrkingsjord. Dei store, flate bøane er unike for Fusa, og garden var i si tid sagt å vera Hålandsdalens kornkammer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bonden som ikkje likte dyr

Erik Halvorsen er byguten som ville bli bonde. Han hadde berre eit problem; han likte ikkje dyr. Då det gjekk opp for unge Halvorsen at det er noko som heiter grønsaksbonde, var den suta ute av verda. Det høyrer også med til historia at det i dag er 94 villsauar og over 100 lam på Orra – så aversjonen mot dyr er kraftig redusert. Sauene fungerer for øvrig som «trinnlause termostatar» i den langstrakte dalen. Dei følgjer våren oppover fjellsidene, og kjem ned att når det er haust.

Sel alt han produserer

Etter nokre år som bonde ulike stader i Hordaland, kjøpte Erik Halvorsen Orra gard for vel fire år sidan. Då hadde jorda vore bortleigd i mange år, og det var eit stort vedlikehaldsetterslep. Erik Halvorsen er ikkje redd for arbeid – og det har det vore nok av. No har han grave grøfter, snudd jord og vøla seg veg over kneika; og kan konsentrera seg for fullt om grønsaksproduksjonen. Han leverer alt han produserer til kokkar og restaurantar i Bergen, og kunne fått avsetning for tre til fire gonger så mykje varer.

Eple og plommer

Oppe i dalen er det innlandsklima og kystklima alt etter kor vinden bles, og når sola bakar, blir det varmt som i ei gryte. Det er blant anna derfor ask og hassel trivst så godt i åssidene her, og desse forholda er også sagt å vera gunstige for fruktdyrking. Grønsaksbonden har planta snorrette rekkjer med frukttre mellom sengene med kål, salat og raudbetar. Målet er 2100 frukttre, og dei første epla kan plukkast neste haust.

Bjørnafjorden MDG er no ein realitet. Fylkesleiar Natalia Golis helsa det nystifta laget, som blir det største i Vestland fylke etter Bergen.
Bjørnafjorden MDG er no ein realitet. Fylkesleiar Natalia Golis helsa det nystifta laget, som blir det største i Vestland fylke etter Bergen.
Framtida diltar i hælane på bonde Erik Halvorsen på Orra gard. Det kan vera bra med tanke på at han driv i eit tjueårsperspektiv.
Framtida diltar i hælane på bonde Erik Halvorsen på Orra gard. Det kan vera bra med tanke på at han driv i eit tjueårsperspektiv.

I pakt med jorda

Erik Halvorsen driv vekselbruk mellom grasproduksjon og grønsaksdyrking for å byggja næringsinnhaldet i jorda. Slik får han god synergi mellom villsauhaldet og all den gode matjorda på Orra. I sommarhalvåret har han lærlingar og frivillige i arbeid, ikkje berre fordi det trengs fleire hender, men fordi han vil utdanna andre til berekraftig gardsdrift. Erik Halvorsen har nemleg ikkje tenkt å nøya seg med Orra gard og det som kan dyrkast der.

I 2040 skal alle som ønskjer det i Hordaland enkelt kunna kjøpa kortreiste, berekraftige og rimelege grønsaker frå eit nettverk av gardar à la Orra.

Det er musikk i øyra på oss i Miljøpartiet dei Grøne som har programfesta jordvern, satsing på kortreist mat og fleire grøne arbeidsplassar i distrikta.

Når Os og Fusa no blir Bjørnafjorden ligg alt til rette for at Erik Halvorsen og fleire med han skal få til dette – til glede for naturen og for oss som bur her.

Marie Hauge

Leiar

Artikkelen held fram under annonsen.

Miljøpartiet Dei Grøne Bjørnafjorden