Me konstaterer at regjeringa har gått vekk frå forliket som Arbeidarpartiet stilte seg bak, og beklager sterkt den utviklinga nærpolitireforma har medført for innbyggjarar og polititilsette i kommunane våre.
Me konstaterer at regjeringa har gått vekk frå forliket som Arbeidarpartiet stilte seg bak, og beklager sterkt den utviklinga nærpolitireforma har medført for innbyggjarar og polititilsette i kommunane våre.

Lesarbrev: Styrk nærpolitiet no!

Krav til justisministeren frå Ap-ordførarar.

22.juli-rapporten slo tydeleg fast at den viktigaste beredskapsressursen blir gjort av det ordinære politiet. I 2015 vedtok Stortinget «Nærpolitireformen» og det vart inngått eit Stortingsforlik som hadde fylgjande sentrale mål:

1. Eit meir tilgjengeleg politi som er til stades og har god lokal forankring og samhandling.

Artikkelen held fram under annonsen.

2. Eit meir einsarta politi som leverer like polititenester med betre kvalitet over heile landet.

3. Eit politi med meir målretta innsats på førebygging, etterforsking og beredskap.

4. Eit politi med betre kompetanse og kapasitet, som deler kunnskap og lærer av erfaringar.

5. Eit politi som skaper betre resultat i ein kultur prega av openheit og tillit, gjennom god leiing og aktivt medarbeidarskap.

6. Eit politi som arbeider meir effektivt ved å ta i bruk betre metodar og ny teknologi.

I tillegg til desse måla formulerte forlikspartnarane klare krav til lokal prosess, til korleis nærpolitiet skulle styrkast og at alle attverande tenestestader skulle styrkast etter strukturendringane.

Stortingsforliket bestod av Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti. Reforma vart sett i verk 1. januar 2016.

Me konstaterer at regjeringa har gått vekk frå forliket som Arbeidarpartiet stilte seg bak, og beklager sterkt den utviklinga nærpolitireforma har medført for innbyggjarar og polititilsette i kommunane våre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Reformer er krevjande å gjennomføre. Mange gode faglege grep er gjort, men konsekvensane dette har medført for distrikta, gjev tydelege signal om at fleire ressursar må til. Forventningane som ligg i forliket er ikkje oppfylt. Som ordførarar er me opprørte over ei dårleg gjennomføring, gjentekne løftebrot og manglande ressurstildeling. Regjeringa må gjera omprioriteringar slik at intensjonar og forlik i nærpolitireforma blir realisert på ein tilfredsstillande måte, over heile landet.

Stortinget har fatta eit vedtak. Me forventar at regjeringa fylgjer vedtaket og sørgjer for at det blir gjennomført endringar slik at politiet blir styrka i alle landsdelar.

Justisminister Jøran Kallmyr:

1. Gjennomfør nærpolitireforma i tråd med forliket inngått i Stortinget.

2. Styrk budsjetta for politidistrikta slik forliket la til grunn.

3. Sørg for at tenesteavtalane politimeistrane legg fram for kommunane, reelt styrkar nærpolitiet og er i tråd med forliket sitt «løfte til innbyggjarane».

Atle Kvåle

Ordførar

Fusa kommune

Artikkelen held fram under annonsen.

Trine Lindborg

Ordførarkandidat

Bjørnafjorden Ap