Ein rosemålarverkstad kan bli ein stad for formidling av kunsten i dette fargerike tradisjonshandverket til nye generasjonar, og eit utstillingsvindauga der vi kan presentera noko av det mest særmerkte Os har å by på.
Ein rosemålarverkstad kan bli ein stad for formidling av kunsten i dette fargerike tradisjonshandverket til nye generasjonar, og eit utstillingsvindauga der vi kan presentera noko av det mest særmerkte Os har å by på.

Lesarbrev: Takk til politikarane i Os

Takk til kommunestyrepolitikarane i Os for at dei er framsynte og ser potensialet i rosemålarverkstaden på Lyngheim, skriv Magne Brekke i Stiftinga Det historiske tunet på Lyngheim.

Det var svært gledeleg å lesa budsjettframlegget frå H/FrP/V, der dei vel å støtta etablering av ein rosemålarverkstad på Lyngheim med kr. 250.000. Endå gladare vart vi då vi såg at også dei andre partia i kommunestyret har innarbeidd støtte til prosjektet i sine budsjettframlegg. Det viser at det er brei oppslutnad om ideen om å byggja ein rosemålarverkstad på Lyngheim.

Os sin identitet

Os-målinga er ein del av Os sin identitet. Vi har tillate oss å dra ein parallell til Oselvar-verkstaden, for å illustrera den verdiskapinga som kan liggja i å reisa ein rosemålarverkstad på Lyngheim. Rosemålinga er enno levande i Os, men tradisjonsberarane blir eldre for kvart år, og det er viktig å sikra at handverket blir ført vidare. Ein rosemålarverkstad kan bli ein stad for formidling av kunsten i dette fargerike tradisjonshandverket til nye generasjonar, og eit utstillingsvindauga der vi kan presentera noko av det mest særmerkte Os har å by på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hardt arbeid

No har vi mykje hardt arbeid framfor oss med å få på plass resten av finansieringa. Når vi skal ut og spørja private sponsorar om midlar, betyr støtta frå Os kommune mykje. Ikkje berre kronene, men også oppslutnaden om prosjektet. Vi har alt fått god støtte frå Hordaland fylkeskommune til det innhaldsmessige i rosemålarverkstaden. Vi inviterer til eit spleiselag for å få på plass resten. Det er mange døme i Os på det ein kan få til når offentlege interesser og privat innsats går saman om å realisera eit prosjekt, og heldigvis ser leiinga i kommunen verdien av å spela på lag med eldsjelene i Os.

Kan få til mykje

Stiftinga Det historiske tunet på Lyngheim har vist kva som kan gjennomførast med gode tilskot kombinert med stor dugnadsinnsats. Vi vil visa det same når det gjeld rosemålar-verkstaden, og vi vil gjerne ha mange med i dette arbeidet. Det er berre å ta kontakt – det er arbeidsoppgåver nok til alle som er interesserte i å vera med og ta vare på Os-rosene.

Magne Brekke

Stiftinga Det historiske tunet på Lyngheim