På den såkalla "skuletomta" på Hjelle har diskusjonane kring vern av matjord vore store.
På den såkalla "skuletomta" på Hjelle har diskusjonane kring vern av matjord vore store.

Lesarbrev: Tørke, mattryggleik og jordvern

Tørkekrisa viser til fulle kvifor det er viktig å verna om matjorda vår. Dersom for mange kyr vert sendt til slakt, vil det få konsekvensar for matproduksjonen, næringsmiddelindustrien og verdiskapinga i fleire år framover.

Den rekordtørre sommaren er ei viktig påminning om kor sårbare vi er for klimaendringar. Fortvila bønder må senda dyr til slakt fordi dei ikkje har nok fôr. Nortura kallar slaktarar heim frå ferie for å ta unna, og NRK rapporterer om fulle fryselager rundt om i landet – og det før sjølve slaktesessongen har starta.

Landbrukssjefar og bondeorganisasjonane oppfordrar alle med ein ledig teig om at graset vert slått og brukt til fôr, sånn at vi kan dempa noko av skadeverknadane tørken har påført oss. AP sin landbrukspolitiske talsperson, Nils Kristen Sandtrøen, har bedt regjeringa innføra transportstøtte for dyrefôr slik at nedslaktinga kan avgrensast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom for mange kyr vert sendt til slakt, vil det få konsekvensar for matproduksjonen, næringsmiddelindustrien og verdiskapinga i fleire år framover.

Smittsame sjukdomar

Bønder viser eit enormt samhald og stiller opp for kvarandre i ei svært vanskeleg tid. Likevel vil det vera nødvendig for mange å importera fôr til dyra sine. Mattilsynet er uroa for at alvorlege smittsame sjukdommar vil følgje med fôret frå utlandet. Det er særleg afrikansk svinepest, Q-feber, paratuberkulose og salmonella Mattilsynet fryktar. Dette er sjukdommar ingen av oss ønskjer å få inn i landbruket, eller oppå matfatet vårt.

Berre 3 % av landarealet i Noreg er dyrka mark. Tørkekrisa viser til fulle kvifor det er viktig å verna om matjorda vår. For Bjørnafjorden Arbeidarparti er jordvern viktig, og vi kjem ikkje til å akseptera unødvendig nedbygging av landbruksareal. For det handlar om vår felles tryggleik.

Gisle Hesjedal

medlem kommunestyret i Os

Bjørnafjorden Arbeidarparti