Mange av oss som snakkar med folk i Os veit at fleire av veljarane til Frp og Høgre også er i mot dette omfattande naturinngrepet.
Mange av oss som snakkar med folk i Os veit at fleire av veljarane til Frp og Høgre også er i mot dette omfattande naturinngrepet.

Lesarbrev: Uklokt av Frp og Høgre

Det er nær umogleg å forstå kvifor Høgre og Frp no opnar for eit meir aggressivt og risikabelt taktskifte i bru-saka, skriv Glenn Erik Haugland.

Skepsisen og motstanden mot ei bru over Bjørnafjorden er stor i Os. Det veit alle politikarane i kommunen. Dei som likevel vil ha bru har ved fleire tilfelle prøvd å finna løysingar som ikkje øydelegg for mykje av den viktige skjergarden og bumiljøet til dei tusenvis av oss som bur i Os.

På bakgrunn av dette er det difor nær sagt umogleg å forstå kvifor Høgre og Frp no opnar for eit meir aggressivt og risikabelt taktskifte i denne saka. Det er som om desse partia no har lagt vekk all omsyn til kva folk i Os meiner. Kun 15% av dei spurde i Hordaland er for bru over fjorden (ref. måling gjort av Nrk i 2015). Så å seia alle vedtaka som er gjort i Os, er gjort med minst mogleg fleirtal. I fleste høve med berre ei - 1 - stemmes overvekt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunestyret og formannskapet er med andre ord delt i to. Mange av oss som snakkar med folk i Os veit at fleire av veljarane til Frp og Høgre også er i mot dette omfattande naturinngrepet. Når konsekvensane for osingane er så store som ved dette vegprosjektet, burde fleirtalet i kommunestyret opptre ydmykt og opna for andre alternative løysingar. I staden har blikket vore fast festa på bru - same kva.

Eg er overbevist om at kommunestyret ikkje representerer osingane si haldning i bru-saka

Tysdag skal kommunestyret ta stilling til ein ny plan. I planen uttaler Vegvesenet med klare ord Hordfast som eit monumentalt inngrep i Os med store konsekvensar for livskvalitet og folkehelsa. Igjen vil Frp og Høgre gi si tilslutning til planane.

I tillegg skal kommunestyret ta stilling til om Os skal bli medeigar i eit lobbyselskap som vil framskunda bygginga av bru. Selskapet er skipa av Høgre-politikar Øyvind Halleraker. Ein aktør som ved fleire høve har vist at han har vanskeleg for å skilja mellom snørr og bart: I 2005 trekte Halleraker seg som leiar for Sunnhordaland Bru & tunnelselskap etter at Vegdirektoratet avslørte at det var brukt store beløp på utenlandsreiser og representasjon.

I 2009 var Halleraker saksordførar for Bømlo-pakken, mens kona var deleigar i bompengeselskapet som drifta same vegprosjekt. Ekspertar innen juss har i ettertid peikt på at Halleraker var klart inhabil.

I 2013 trekte Øyvind Halleraker seg som Samferdselspolitisk talsperson for Høgre etter at det blei avslørt i riksmedia at han hadde mottatt skjulte honorar frå verv i bompenge-relaterte selskap.

Og no skal altså Os kommune løyva pengar til Halleraker for å forhåndsinnkreva bompengar til det største naturinngrep i Hordaland i vår levetid.

Kor er fornufta, Frp og Høgre?

Artikkelen held fram under annonsen.

Glenn Erik Haugland

Leiar

Os Venstre