Asle Olsen (Os), Hege Bjørnø (Os) Birgitte H.O. Skibenes (Fusa) og Atle Fjelltveit (Fusa) ved kollektivknutepunktet i Eikelandsosen, framfor Fusa Bu- og behandingssenter. Turen til Strandvik tok me tidlegare på dagen og etter kommunesenteret gjekk turen vidare nedover mot Hålandsdal, Søre Fusa og Holmefjord.

Lesarbrev: Vegar til makt?

Fusa SV og Os SV noterer med forundring at potensiell ordførarkandidat planlegg synfaring på vegar i nabokommunen, kunngjort med brask og bram, utan påviseleg samordning med naboane.

Slike turar har dei to SV-lokallaga i Os og Fusa SV gjennomført i fellesskap i begge kommunane! Så slik sett: Velkommen etter!

Desse to SV-lokallaga har etablert si eiga fellesnemnd med fire tillitsvalde frå kvart lokallag som skal førebu den organisatoriske samanslåinga, laga eit solid valprogram og spanande valliste til kommunevalet neste haust.

Artikkelen held fram under annonsen.

22. mai var fusingane over til Os på rundtur, for å kikka på både vegar, barnehagar og eldreomsorg. måndag 15.oktober var osingane til Fusa der dei fekk betre forståing for både veglengde og standard, næringsliv, skule- og barnehagestruktur og litt kva som særpregar dei ulike bygdelaga rundt om i det relativt vidstrakte Fusa.

Medlemene i Fusa SV og Os SV hadde litt ulikt syn på sjølve kommunesamanslåinga, men når vedtaket er gjort i Stortinget, er me svært klare på at no treng bygdene våre ei sosialistisk stemme inn i styre og stell. Difor jobbar me no tett saman i førebuing av vårt politiske fellesprosjekt og treng ikkje køyra på soloturar i nabolaget.

SV innser at fellesskapen sine utfordringar løyser me best i fellesskap. Me vil ha velferd for alle, ikkje for dei få.

Mette Holmefjord Olsen

Leiar Fusa SV