Eg har ei gåve til deg når du no kjem attende. Ei fargeleggingsbok om klima og fire fine fargeblyantar. Det er pedagogisk og fint, så sjølv ein innbarka oljeentusiast kan få visualisert mot kva avgrunn vi er på veg.
Eg har ei gåve til deg når du no kjem attende. Ei fargeleggingsbok om klima og fire fine fargeblyantar. Det er pedagogisk og fint, så sjølv ein innbarka oljeentusiast kan få visualisert mot kva avgrunn vi er på veg.

Lesarbrev: Velkommen heim, Søviknes?

Det er greit, vi tar ein for laget, så slepp resten av nasjonen å hanskast med Terje Søviknes, skriv Nils-Anders Nøttseter i MDG.

Det er med sorgtung glede eg registrerer at du kjem heim til Os. Det er rørande at oppmodinga mi frå halvtanna år tilbake har nådd inn. Samstundes må eg innrømma at det har vore ein kjekk, og noko uvanleg, heime-åleine-fest. 

Vi har slutta med ulovlege politiske utval, vi har tatt kommunelova og møteoffentlegheit på alvor, vi har meldt oss inn i Transparency International og dessutan har vi lagt merke til at det var fleire folkevalde i posisjonen utanom deg. Sjølv om du hadde eigenreklame i valkampen (på dieselbilen) som “Noregs beste ordførar”, så har altså kommunestyret saman med rådmannen og vår midlertidige ordførar hatt litt av kvart å rydda opp i. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Men eg meinte det eg sa - vi kan ta ein for laget her i Os. Det er betre at du er ein stor fisk i den vetle kommunedammen vår enn at du er heile nasjonens overentusiastiske oljeminister medan energiministeren vi sårt treng for næringsliv og klima i framtida glimrar med sitt fråvær. 

Eg har ei gåve til deg når du no kjem attende. Ei fargeleggingsbok om klima og fire fine fargeblyantar. Det er pedagogisk og fint, så sjølv ein innbarka oljeentusiast kan få visualisert mot kva avgrunn vi er på veg. Om ikkje nokon tar grep då. Med deg tilbake her heime kan vi håpe på at den nye olje- og energiministeren er oppgåva vaksen og byrjar på ei sårt tiltrengt kursendring.

Så kom berre heim. Men vit at den kommunen du kjem tilbake til er ein annan enn den du reiste frå. Til neste valkamp veit vi no at kommunen klarer seg godt, gjerne betre, med ein annan ordførar. Vi er klare for ei moderne framtid, men etter kva vi har sett dei siste to åra, så tenkjer vi at det kommunen treng no er ein ordførar som ikkje er så fossil som deg.

Nils-Anders Nøttseter

MDG