annonse

Lesarbrev: Venstre vil satse på fastlegane

Fastleger:
Fastleger: Stor gjennomtrekk av fastlegar er frustrerande, dårleg for helsa og dårleg samfunnsøkonomi, skriv Gustav Folkestad, Astrid Dale og Henrik Johannessen i Bjørnafjorden Venstre. (Foto: Bjørnafjorden Venstre)

Venstre vil investere i fastlegeordninga i Bjørnafjorden. I Fusa har det vore vanskeleg å få nok legar til å dekkje behovet, noko som har ført til stor gjennomtrekk og språkvanskar mellom lege og pasient. I Os har vi mykje å vinne på å få fleire fastlegar i legevakttenesta.

Å styrkje fastlegeordninga slik at fleire, dyktige legar søkjer seg til heile Bjørnafjorden er viktig for Venstre. Stor gjennomtrekk av fastlegar er frustrerande, dårleg for helsa og dårleg samfunnsøkonomi. Legane sjølve opplever at dei har fått ein meir krevjande kvardag med meir papirarbeid og mindre kontakt med pasientane. Dette vil Venstre gjere noko med.

Fastlegane er sjølve knutepunktet i helsesystemet. Ho eller han kjenner deg og helsa di best, kan vise deg til spesialist og syte for hjelp frå kommunen. Ikkje minst er det fastlegen som kan hjelpe med førebygging slik at du unngår helseproblem i framtida.

Ei investering i fastlegeordninga, er ei investering i folkehelsa.

I Stortinget arbeider Venstre for betre økonomiske forhold for fastlegane, enklare og digitaliserte arbeidsforhold, etterutdanning og eit tettare samarbeid mellom sjukehusa, kommunen og fastlegane.

For å knytte til oss fleire dyktige legar til Bjørnafjorden, vil Venstre arbeide for ordningar der ein kan tilby fast lønn. Vi lyttar til legane, dei ynskjer seg ordna lønsforhold for teneste på legevakta. Dette støttar vi. Det er viktig med legar på legevakta som kjenner lokalsamfunnet og er i tillegg samfunnsøkonomisk lønsamt.

I Bjørnafjorden vil Venstre satse på attraktiv etterutdanning for legane og ei betre samhandling mellom fastlegane og kommunen. Skal vi lokke fleire dyktige legar til heile Bjørnafjorden, må vi vere villige til å ta sats.

Bjørnafjorden Venstre er opptatt av di helse og å hindre framtidige helseproblem. Kunnskapsrike og nøgde fastlegar er den beste medisinen for å gi eit godt helsetibod til alle som bur i kommunen.

Gustav Folkestad Astrid Dale Henrik Johannessen

Bjørnafjorden Venstre

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut