Er nasjonens finansielle musklar ein god nok unnskylding for at utslepp av klimagassar frå norsk olje og gass bidreg til at folk i andre verdsdelar får vêrkatastrofar over seg?
Er nasjonens finansielle musklar ein god nok unnskylding for at utslepp av klimagassar frå norsk olje og gass bidreg til at folk i andre verdsdelar får vêrkatastrofar over seg?

Lesarbrev: Villeiing som regjeringspolitikk

Olje- og energiministeren fortel ikkje befolkninga at det han etterlyser i framtida, allereie skjer no.

«Det viktige spørsmålet er heilt fråverande frå debatten: Korleis kan me få ned det globale utsleppet med 80-90-100% dei komande tiåra?, seier professor Helge Drange når han skildrar korleis dagens styresmaktar talar om klimatruslane, og kva som må gjerast for å avverje dei.

Os og Fusaposten presenterte i avisa 6. april 2018 eit interessant intervju med klimaforskar Helge Drange. Han hevdar at styresmaktane ikkje tek sitt ansvar for å få ned verdas oljeavhengigheit og redda klimaet på alvor.

Artikkelen held fram under annonsen.

I eit intervju med olje- og energiminister Terje Søviknes i same avis gjentek Os og Fusaposten det som professor Drange hevdar, og spør kva han har å seia til det. «Me tek vårt ansvar og gjer vårt», svarar ministeren på vegne av regjeringa, og han gjev fleire døme for å illustrera påstanden. Men nettopp dei beviser det som Drange refsar styresmaktane for, «villedende informasjon og uredelighet i fremstillingen av den virkelige klimasituasjonen i Noreg».

«Men ting går ikkje så fort som Helge Drange skulle ønske seg», legg ministeren til. Han er einig med Drange i at verdas energimiks går i retning av ein større andel fornybar energi og synes det er bra. «Men det krev ei teknologiutvikling, og at me får ned kostnadene på fornybare energikjelder».

Faktum er at utviklinga av fornybare energikjelder som sol og vind går framover i rasande fart. Og at land som Nederland no skal byggja kolossale vindparkar til havs utan subsidier, fordi kostnadene går ned i rekordfart. Tilsvarande døme kan nemnast om solcelleenergi. Olje- og energiministeren fortel ikkje befolkninga at det han etterlyser i framtida, allereie skjer no.

Drange påpeikar at elektrifisering av norsk sokkel – det vil seia å byggja om plattformene slik at produksjon av olje og gass skjer ved hjelp av elektrisitet frå land i staden for gass – ikkje er anna en symbolpolitikk. Når me veit at CO2-utslepp ved produksjon av olje og gass berre er rundt 5% samanlikna med 95% utslepp ved forbrenning av desse energikjeldene, er konklusjonen enkel: Elektrifisering av sokkelen er eit symbol utan verkeleg betydning.

Ministeren legg til at «regjeringa [er] tydeleg på at det må vera samfunnsøkonomisk lønsamt dersom ein skal elektrifisera eit prosjekt». Kva er lønsemda i dette tilfellet? Det må vera eventyret som regjeringa strør rundt seg om at norsk olje og gass er særs «rein». Som forventa trekkjer talspersonen for regjeringa fram dette kortet. Skulle Noreg avvikle sin oljeindustri, ville andre overta, meinar han. «Og klimagassutsleppa globalt blir høgare sidan norsk produksjon i snitt har 50% lågare CO2-utslipp enn snittet i verda», er hans forklaring.

Faktum er at CO2-utslepp ved produksjon av petroleum ikkje blir systematisk registrert rundt om i verda. Og det er kjent at store felt på Arabia-halvøya har vesentleg lågare utslepp ved produksjon enn Noreg. Ministerens påstand er altså høgst tvilsam. Uansett er utsleppstala uvesentlege samanlikna med tal ved forbrenning av olje og gass. Norsk olje og gass er derfor som all annan olje og gass, svært urein.

Helge Drange trekkjer fram ministerens beklagelse av flaum og ras ulike stader på Vestlandet, mens det «faktisk [er] slik at vêret er i endring på grunn av den norske pengemaskina», det vil seia oljeindustrien. Og den går på full guffe etter at regjeringa har utlyst rekordmange nye lisensar for oljeboring i Barentshavet. Me får lov å spørja om dette er i samsvar med «å ta ansvar» og «å gjera vårt», som ministeren påstår at regjeringa gjer.

«Men me tener pengar på dette som fører til klimaendringane», er spørsmålet frå avisa, som vil vita kva ministeren meiner om den sida av saka. Jo, han bekrefter det faktum, men svarer at pengane har gjeve nasjonen musklar til å ta ei leiande rolle innanfor satsing på teknologi og fornybar energi. Ei leiande rolle innanfor satsing på teknologi? Er ikkje heller framsynte bedrifter berettiga til den æra? Og er nasjonens finansielle musklar ein god nok unnskylding for at utslepp av klimagassar frå norsk olje og gass bidreg til at folk i andre verdsdelar får vêrkatastrofar over seg? Spør du meg, er det mange som grøssar ved tanken på vårt medansvar for desse hendingane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så nemner ministeren rapporten sist haust frå IEA (International Energy Agency) der eitt av scenaria talar om 70 million fat olje per dag i 2040 samtidig som «togradersmålet» kan nåast. Me får ikkje vita at fleire av IEAs scenaria er berekna under føresetnad om «negative utslepp». Det vil seia at målet kan nåast dersom me tar ut av atmosfæren store mengdar CO2-gass. Men korleis me skal klara det, er heilt i det blå.

«Ja, det vert ein nedgang i produksjonen», medgjev ministeren, «men altså framleis eit behov». Noreg bør ikkje slutta med oljeproduksjon, er ministerens varsel, for då vil olja bli produsert ein annan stad, « og det einaste som skjer for Noreg sin del, er at me går glipp av inntekter og arbeidsplassar». Inntekter? Men frå ein svært farleg industri som me har avtalt globalt å kvitta oss med. Og arbeidsplassar? Regjeringa i Nederland forventar at planane om å byggja vindparkar til havs mellom 2024 og 2030 vil gje landets økonomi eit sterkt lyft og skaffa 10.000 arbeidsplassar.

Kva seier Helge Drange om saka? «Det er godt, vitskapleg grunnlag for å seia at menneskapte klimaendringar er eit eksistensielt problem». «Hugs at det er heilt tilfeldig at me har desse oljeressursane så å seia under føtene våre, og dette har gjeve oss stor rikdom. Men korleis forvaltar me rikdomen på vegner av dei som lever i dag, og på vegner av dei som skal koma? På vegner av naturen og biologisk mangfald?» Det er tydeleg at han ikkje er nøgd med dagens klimapolitikk.

Og kva meinar klimaeksperten eigentleg bør gjerast? «Ein bør aktivt arbeida for å redusera den fossile tidsalderen», er Drange sitt svar. I mi forståing betyr det at regjeringa sluttar med å villeia befolkinga med tåkeprat. Regjeringar har plikt til å informera innbyggjarane, sjølvsagt på riktig vis. Grunnlovens ’miljøparagraf’ 112 og Parisavtalens artikkel 12 krev dette opplysingsarbeidet.

«Me har et klart ansvar for ikkje berre komande generasjonar, men også for å unngå utrydding av artar på jorda», seier Drange. Så bør regjeringar handla etter dette djupe ansvaret som landet har for eiga befolkning og for menneske i andre verdsdelar, for etterslekta og for jordens mangfald. Og me innbyggjarane bør minna dei på dette ansvaret ved kvart val.

Noreg er som ein tankbåt, med Erna Solberg som kaptein og Terje Søviknes som styrmann. Dei må sørgja for at båten kjem i reint farvatn. Og for all del må dei ikkje la båten sakka akterut og miste tilslutnaden til verdsflåten som vel framtidas kurs.

Bjørghild des Bouvrie

Medlem av Besteforeldrenes

klimaaksjon