Ungdom verda rundt er inspirert av Greta Thunberg (innfelt), den svenske skulejenta som no er 16 år og som i haust starta skulestreik for klima i Sverige. Her frå ein demonstrasjon i Bergen 5. juni i fjor.
Ungdom verda rundt er inspirert av Greta Thunberg (innfelt), den svenske skulejenta som no er 16 år og som i haust starta skulestreik for klima i Sverige. Her frå ein demonstrasjon i Bergen 5. juni i fjor.

Lesarbrev: Von om sterkare klimasatsing i Os

På sist kommunestyremøte vart det gjort eit viktig vedtak. Eit samla kommunestyre gav ordføraren mandat til å søkja medlemskap i eit nettverk av europeiske ordførarar som forpliktar seg til ei ambisiøs klimasatsing. Dette er viktig også i høve til Klima, energi og miljøplanen i Os.

Utkastet for denne planen har vore diskutert i formannskapet og er tidligareomtala i Os og Fusaposten. Planen gjev gode føringar for kva klimatiltak som raskt må på plass. Me vil her grunngje kvifor dette er viktig.

Klimatrusselen er akutt

Klimatrusselen mot menneske, dyr og natur er akutt og må møtast med tiltak så raskt som det på nokon måte er mogeleg. Alt no, ved ei global oppvarming på rundt ein grad, ser me store klimaskadar i alle delar av verda, også i Noreg. Dette er godt dokumentert, mellom anna gjennom ein tekst og biletserie på Nrk nyleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me ser atskilleg verre klimarelatert ekstremver i andre delar av verda. Sterkare orkanar, flaum, ras, tørke og skogbrannar har ført til store materielle skadar og mange dødsfall, både i rike og fattige land. Klimaendringane er det størte trugsmålet for global helse i vårt hundreår.

Litt høgre sumartemperatur med tørke i Noreg kan gje alvorleg avlingssvikt, men treng elles ikkje direkte vera farleg. På andre breiddegrader derimot, i Sør-Aust Asia og Afrika, kan varmen føra til at sjølv menneske som elles er friske, vil døy av heteslag dersom dei ikkje har tilgang til aircondition eller anna kunstig avkjøling. Dødelege hetebylgjer vil råka mange millionar menneske i desse områda stadig oftare, etter kvar som den globale oppvarminga aukar frå rundt ein grad no opp mot 2 grader rundt 2050.

Eitt av få land som har auka

I ein situasjonen der klimagassutsleppa må kuttast raskt og mykje, er Noreg eit av få rike land som har auka utsleppa. Politikken som vert ført, styrer oss mot ei global oppvarming på over 3 gradar, dersom andre land ikkje tek større ansvar enn Noreg. Om det skjer, er klimakatastrofen ikkje til å unngå. Skadane er skildra i detalj i den siste rapporten frå FNs klimapanel og omtala påMiljødirektoratets heimeside. Om ein ikkje har lese om dette, vil me tilrå alle, og særleg våre folkevalde, å lesa om dei alvorlege skadane ein kan venta om global oppvarming når to eller tre grader over før-industrielt nivå.

For betre å forstå kor radikale endringar som må til for å unngå dette, kan einlesa artikkelen «Tid for panikk» skrive av ein redaktør i The York Times Magazine, David Wallace-Wells, publisert den 16. februar i år. Han meiner at fleire må gripast av den rettmessige frykta for korleis livet blir for svært mange om me ikkje gjer det som må til. Han skriv: «Planeten blir katastrofalt varmare. Og frykt for dette kan være det einaste som vil redde oss». Ei kraftig mobilisering som når krig trugar kan være nødvendig, om vi skal kunne snu dette. Politikarar må forstå kva som må til. Som han skriv: «Formålet med politikk er nettopp dette. Me kan gjera «meir saman i fellesskap, enn me kan greie kvar for oss». Me må alle forstå at ei global oppvarming på over to grader MÅ me unngå.

Dei unge er urolege for framtida

Det er dei unge i dag og generasjonane framover, som må leva med konsekvensane dersom me ikkje raskt får på plass ein politikk med tiltak som kan hindra ei vidare oppvarming. Ungdommen verda rundt er inspirert av Greta Thunberg, den svenske skulejenta som no er 16 år og som i haust starta skulestreik for klima i Sverige. Ho er sidan blitt verdkjent for sine talar både ved FNs sin klimakonferanse og til Word Economic Forum. Ho snakkar sant om klima på ein måte som både born og andre kan forstå, og ho får stort gjennomslag, også fordi ho lever som ho lærer.

Thunberg peikar på at ungdommen treng håp: «We do need hope, of course we do. But the one thing we need more than hope is action. Once we start to act, hope is everywhere». Aktiv handling mot klimaendringane må til no, dersom born og ungdommar skal kunna ha håp om ei betre framtid.

Kvar fredag framover markerer ulike ungdomsgrupper støtte til skulestreik for klima ved den blå steinen på Torgallmenningen i Bergen. Den 14. mars arrangerer desse gruppene ein skulestreik ved mange vidaregåande skular og ein demonstrasjon på Torgalmenningen. Natur og Ungdom, saman med mange andre ungdomsorganisasjonar, står i spissen for demonstrasjonen. Aksjonen blir støtta av dei fleste politiske ungdomspartia i Bergen.

MDG støttar krava frå dei unge

Som grunn for første demonstrasjon på den internasjonale miljødagen av dei same gruppene, 5. juni i fjor, skreiv ungdomane: «Me er drivne av kjærleiken til vår verdifulle og vene planet, som menneske no er i ferd med å øydeleggja» Dei kjenner også på eit sinne mot alle, politikarar og andre, som «vel vitande om konsekvensane, ikkje gjer det som må til for å stansa øydeleggingane. Vi kallar det eit ran av framtidsutsiktene våre. Ein naudsynt omstilling og full energirevolusjon på få år vil kosta og krev nye prioriteringar innan alle sektorar i samfunnet. Men gevinsten er eit betre miljø og betre livskvalitet. Konsekvensane av ikkje å handla kan derimot verta katastrofal».

Artikkelen held fram under annonsen.

Me i MDG støttar krava frå dei unge. Det må verta mykje dyrare å øydeleggja klimaet og meir lønsamt å leva miljøvennlig. Atskillig sterkare tiltak må på plass for å skapa eit reelt grønt skifte. Parallelt med nedtrapping av oljeaktiviteten, krev me ei stor satsing på grøne arbeidsplassar og berekraftig livskvalitet i staden for klimaskadeleg, fossilbasert vekst. Kvart år med høge klimautslepp fører oss stadig nærare ei framtid me ikkje vil ha.

Gunnar Kvåle

Nils-Anders Nøttseter

Miljøpartiet Dei Grøne